30 desember 2008

Minestronesuppe-party!

Denne romjula har vore ekstra sosiale. Vi har gått frå selskap til selskap - har til og med vore på bryllaupsfest! Nokre av selskapa har blitt tradisjon, slik som Minestronesupppe-selskapet til systra mi.....
Ho er veldig flink med mat og lagar ei nydeleg minestronesuppe som heile familen elskar. I år serverte ho suppe til 22 personar! Etterpå var det kaffi og kaker (der fekk ho litt hjelp) og Quiz (som eldste dattera hadde laga til).......

Lappetausa og eg hadde sjølvsagt med oss eit lite stitchery, og ut på kvelden fekk vi tid til å ta det fram og sy nokre sting. ....Det blir faktisk gjort mindre handarbeid i ferien enn elles........

7 kommentarer:

Elin sa...

Sjekk det strikkasjalet, då! Og brikka og hjortetakkane, hehe...Kjempekoseleg selskap som vanleg, takk til storesysta.

solveig sa...

De er heldige som bur så nær og kan treffast så ofte. Hos oss var det første gongen alle 10 søskenbarn var samla. Anten så manglar austlendingane, eller så manglar dei myndige.
Suppe er lurt til mange, og godt! Og så vert ein svolten att til kaker og dessertar.

Besta sa...

Den suppa såg berre heilt vidunderlig ut, men oppskrifta er vel hemmelig?

Solveig sa...

Mindre håndarbeid i ferien enn ellers. Slik er det her også - det er så mye annet som skal skje. Suppa så aldeles nydelig ut.

Anonym sa...

Vil bare ønske deg et godt nytt hobbyår.

arieldog sa...

Hørest koseleg og freistande ut med suppefest! Kjekt å sjå att "gullmøblane" til mormor... Godt nytt år!

Unknown sa...

Ser ut som ein hyggeleg tradisjon. Godt nyttår!