27 september 2010

Tjukke sokkar

Ikkje så spanande det eg strikkar på for tida.
Har strikka eit par sokkar i Ragg-Strømpegarn frå Hjertegarn.
Det andre paret er strikka i eit raggsokkgarn frå Løve garn, trur eg.
Begge er strikka på pinne nr. 4,5.
40 masker er passeleg til damestørrelse.
Desse sokkane er veldig varme, mjuke og gode.
Det lysegrå paret som eg gjer ferdig no,
er Blueberry Waffle socks i Perfect frå Sandnes.
Herrestr. på pinne 3,5.

23 september 2010

Panneband i Eskimo

Fekk Familien nr. 20 i posten i går.
Der var det mønster på dette enkle pannebandet i Eskimo.
Du treng 50 gram Eskimo.
Legg opp 65 m. på pinne nr. 6 (Eg brukte 5,5).
Strikk rundt to omg. rett. Så to rette og tre vrange i 9 cm.
Fell av med r over r og vr over vr.
(Eg strikka ein rullekant på to omg. her og felte av med rette masker).
Dette var fort gjort.
Kjekt å strikke med tjukt garn på tjukke pinner,
men ikkje noko eg kan gjere for mykje av.
Ikkje bra for musklar og ledd.

22 september 2010

Puter i full blomst....

Har fått nytt stitchery/quiltemønster også.
Desse putene er berre kjempefine.
Mønster av Bente Tufte.
Kjøpt hos Desiree.

Brave new knits

I går kom denne boka i posten!
Ei kjempefin strikkebok som eg berre MÅTTE HA!
26 av dei mest populære designerane på nettet,
har laga mønster spesielt for denne boka.
I tillegg til mønstrene,
står det eit stykke om kvar designar.

19 september 2010

Barnesokkar


Desse to sokkepara har eg strikka i Daletta frå Dale.
Str. 2 år.
Sel dei i Eplabutikken min.

17 september 2010

Nøstemaskin og garnkjøp

I dag kom nøstemaskina som eg har bestilt frå
Terapi-Hobby (Hobbymarkedet) i Danmark.
Eg har eigentleg hatt lyst på ei slik lenge,
men det har ikkje blitt.
No når eg har fått og prøvd den,
skjønar eg ikkje korleis eg har klart meg utan :-)
Måtte prøve den med ein gong.
Veldig enkelt, rakst og kjekt!!
Meir garn er ikkje akkurat det eg treng mest,
men i dag var eg på garnsal og fekk alt Dale- og Sandnesgarnet
(Sisu, Smart, Mandarin Petit og Dale babyull og Falk til minus 60 %.
Regia til minus 20 %.
Måtte jo berre handle litt då, eller???

12 september 2010

Pulsvantar

Denne helga har eg strikka desse pulsvantane
i økologisk babyull frå Marks & Kattens.
Herleg garn å strikke med!
Mønsteret er Annas Muddar .
Eg brukte pinnar nr. 3
og strikka sju blad på kvar pulsvarmar.
Eg har hatt dette mønsteret lenge,
og endeleg blei det brukt.
Kjekt og enkelt å strikke etter!

05 september 2010

Vinterplagg

Denne helga har eg lagt sist hand på verket på tre plagg.
Denne lua strikka i Freestyle frå Dale.
Mønster frå Dalegarn Tilbehør nr. 219.
Har gått ned litt i pinnenr. og strikka lua litt kortare enn mønsteret seier.
Dette er ei svært god lue som eg har strikka to-tre av før.
Denne halsen begynte eg på i vår.
Veldig keisam å strikke,
men no er den endeleg ferdig!
Garn: Fame Trend frå Marks & Kattens

Strømper i Frost frå Gjestal.

03 september 2010

Juleprosjekt

Eg har meldt meg på Northern Quilts sin jule-BOM.
Får fire pakkar i posten i løpet av haustmånedane,
og viss eg er flittig og flink ,
har eg ein flott duk ferdig til jul!
Lovar ingenting, men skal prøve....

02 september 2010

Ferdig

Grytekluten frå innlegget under slik han ser ut heilt ferdig.
Den blei for stor, så eg hekla ikkje hempe på den.
Får bruke den som ei brikke i staden for.....
Kjekt mønster,
men skal bruke eit mykje tynnare garn neste gong.