
Eg synest dette postkortet frå Kreta
(faktisk det einaste eg kjøpte),er så artig!
Desse damene klarer fint å hekle i varmen.
Eg hadde med meg rikesleg med handarbeid til Kreta,
men alt eg gjorde på ei veke var å strikke ein halv sokk!

Eg har fått meg ein favorittbutikk på Epla, nemleg
Vanella.
Ho syr mest strikkerelaterte ting.
Der kjem stadig nye varer i butikken hennar,
så eg er innom ofte og kikar.
Eg har kjøpt meg ein strikkepose i Marimekkostoff
og eit etui til å oppbevare strikkepinnar i.

I strikkeposen ligg pulsvarerane som eg strikkar på for tida.
Det er
Felisi sitt mønster.
Blei glad då eg såg at ho hadde skrive ned møsteret på desse!
Eg strikkar mine i Sisu i mangel på Eddagarn.


P.S. I dag er det forresten 22 år sidan eg blei mor for første gong!
Det betyr at eg må tilbake til kjøkkenbenken.
Ha ei fin helg!