03 mai 2009

Mai-kveld

Noko av det som er fasinerande ved å bu ved ei elv, er å følgje dyre - og fuglelivet gjennom årstidene. Det er alltid noko å sjå på og noko som skjer i og ved elva. No er det måsetid. Vi har ein del fiskemåsepar som hekkar her langs elva. Det er dei samme para som kjem igjen år etter år, og det er samme opplegget med paring, ruging og ei travel tid når ungane er utklekka og fram til dei har lært å fly. Eg veit at mange er irritert på desse fuglane, men her er dei i eit naturleg hekkeområde, og vi har vel tilpassa oss kvarandre. Av og til kan eg bli litt oppgitt over fugledrit på klesvasken eller på hagebordet og skriking om natta når der er framandelement i elva (mink), men stort sett går det bra.
Framgang på teppet.

02 mai 2009

Hekla ruter

Eg har begynt på eit nytt hekleprosjekt, nok eit resteteppe/ "garnlager-teppe".
Eg blei dårleg i skuldrane av å hekle sekskantar av det tjukke bomullsgarnet mitt,
så no har eg gått over til alpakkagarn, og det går mykje betre.
Eg har mange single nøster med alpakkagarn liggande.
Det er mest Drops alpakka, men også litt Inca og tynn alpakka frå DSA.
Blei inspirert av teppet som det var mønster på i Familien 3/2009. Det er hekla i Drops alpaca.
Eg er litt usikker på kor fornøgd eg er med desse farganekombinasjonane.....

30 april 2009

April-produksjon

Ei lita oppsummering over kva som er blitt gjort ferdig i april.

28 april 2009

Badestamp for stive musklar........

Det blir ikkje gjort så mykje handarbeid for tida. Må prioritere trimming og friluftsliv når veret er så flott. Vi har jo den våren på Vestlandet i år, nesten litt for mykje av det gode, med tanke på kva som er naturleg og vanleg for april månad. Men herleg er det med sol og varme kvar dag. I kveld hadde eg ein fin liten fjelltur på halvannan time. Etterpå ein halvtime i denne eikestampen som vi kjøpte brukt før påske.
Så lyst var det ute klokka 21.30, herleg!

27 april 2009

Blokk nr. sju

No er eg ferdig med stjerneblokk nr. 7 til Roseteppet mitt. Sydd for hand som vanleg. Eg ligg litt etter skjema når det gjeld desse blokkene, men pytt pytt.... Det viktigaste er at det ikkje stoppar heilt opp. Lappemakeriet har fleire andre mnd. tepper som eg også godt kunne ha tenkt meg å sydd. Dette til dømes. Og Blomstereng er også kjempefint!

Eit oversiktsbilde over blokkene så langt. Det skal bli 24 blokker totalt.

24 april 2009

Etter regn kommer sol...

I dag kom det ny pakke frå Stitcheryklubben til Jordbærstedet.
Denne gangen eit Jane Austen inspirert motiv der ein kan kombinere applikasjon og stitchery. Passar meg godt sidan eg er ein stor J. Austen fan, og har lese alle bøkene hennar mange gongar! Stoffa er veldig rosa, så det er mogeleg at eg vel nokre andre. Kanskje det kunne passe med reprostoff frå 1800-talet.

Oppussing i heimen

Til sommaren blir det 22 år sidan vi flytta inn i huset vårt. Det var difor på tide med litt oppussing.
Vi er ikkje spesielt opptekne av interiør og mote/trendar, men har då fått med oss at no skal det vere lyse veggar. Vi malte litt veggar på 90-talet, og då var det blått kjøkken og raud eller gul stove som var det riktige.
No var det herleg å få malt dei okergule veggane i stova lyse.
Golvet er nesten ferdig, så vi har begynt å flytte inn igjen i den eine delen av stova.
Vi (dvs. "slaven min"), har malt golv og taklistene, som sjølvsagt var trekvite i god gammal 80/90-tals stil. Men der slutta viljen for denne gong, og eg får vel vere fornøgd med det inntil vidare.....
I haust malte vi denne vinterhagen som ligg vegg i vegg med stova. Litt av ein jobb å male fire vindu og ei dør viss ein skal gjere det skikkeleg. Denne delen av stova blei ferdig i desember.

20 april 2009

Quiltetreff i Førde

I går var eg i Førde på Quiltetreff for alle quiltelaga i Sogn og Fjordane.
Her er eit bilde frå utstillinga.
Lappetausa hadde med det flotte Sylvia's Bridal Sampler-sengeteppet sitt. Det var nok det flottaste arbeidet som var utstilt!
Helle C.E. Løvenskiold var underhaldande å høyre på. Ho snakka i halvannan time om dei mange flotte arbeida sine som ho hadde med. Mange av dei har eg sett før i boka "Lapper for enhver anledning", men det var kjekt å sjå dei "live" og høyre historiene bak.
Her er eit teppe som eg ikkje har sett før. Det er eit Buggy-Barn teppe, som ho held kurs i, kjempeflott!
Før vi reiste heim, var vi ein liten tur innom Plantasjen, der eg kjøpte meg desse to plantane. Det blei litt stoffhandel og i Førde. Ein av stoffbitane ligg til pynt her.

16 april 2009

Genser i Opal

Denne genseren begynte eg på for eit år sidan. Det var synd eg ikkje strikka den ferdig då, for no er den i minste laget til Minstemann. Men den er i alle fall ferdig,
og kjem sikkert i bruk ein eller annan gong.



Eg strikka etter dette mønsteret i boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Mønsteret kan også kjøpast her.
Fekk forresten ei erm til overs! Sånn er det når ein legg vekk ting og ikkje alle delane havnar på samme plassen.....
Genseren er strikka i dobbel Opal på pinne nr. 4. Har brukt restar av fem fargar. Den blei meir ein 4-års str. enn 6 års, men det er sikkert fordi eg ikkje har brukt det rette garnet. Den hadde nok blitt lausare i Nøstebarn sitt merinoullgarn eller i tynn alpakka.

12 april 2009

1. Påskedag

I dag har vi hatt ein fin utedag. Først i fjæra med steinkasting, bål og pølser, og så ein liten fjelltur på beina. Det er jammen herleg med vår!

08 april 2009

Hekla nåleputer del 2

Nåleputene tar seg best ut når dei er fleire i lag. Difor hekla eg ei til, og det blir sikkert ikkje den siste.......

Hekla nålepute

Desse søte hekla nåleputene har eg sett på mange bloggar no. Hos Moment til dømes. I går måtte eg berre prøve å lage ei eg og. Eg trur dei fleste heklar to sirklar og syr saman, men eg gjorde som Liselotte og hekla sekskantar. Mønster her. For nokre år sidan var det populært å sy nåleputer etter dette prinsippet. Mønster på det finst her.

06 april 2009

Glimt frå kattekorga og ferdig januarjakke

Kattungane har fått opp augene no og har begynt å vise litt interesse for omverda.....
Jakka til Minstemann, som eg begynte på i januar, blei ferdig i dag. Den er strikka i Sisu frå Sandnes, str. 6 år. Eg blei ganske fornøgd med den, sjølv om eg streva litt med å få knappestolpane fine. Kan ikkje hugse sist eg strikka ei jakke, det må vere lenge sidan.

03 april 2009

Brødkorg eller strikkekorg?

På Europrisbutikken her har dei no fått inn eit stort lass med sånne "brødkorger" i mange forskjellige fargar. Eg tenkte sjølvsagt "strikkekorg" med ein gong eg såg den, kun 60 kr!
Skal prøve å få strikka ei høne til påske. Eg har tidlegare år strikka andre modellar i "påskefargar", så no fekk eg lyst til å lage ei grå. Om den blir ferdig til denne påska, gjenstår å sjå.... Men ta ein titt på denne flokken som namnesøstera mi, Strikkemor, har laga klar for toving!
Eg strikkar også på Sisu-jakka som eg begynte på i januar, str. 6 år.