Denne romjula har vore ekstra sosiale. Vi har gått frå selskap til selskap - har til og med vore på bryllaupsfest! Nokre av selskapa har blitt tradisjon, slik som Minestronesupppe-selskapet til systra mi.....
Ho er veldig flink med mat og lagar ei nydeleg minestronesuppe som heile familen elskar. I år serverte ho suppe til 22 personar! Etterpå var det kaffi og kaker (der fekk ho litt hjelp) og Quiz (som eldste dattera hadde laga til).......Lappetausa og eg hadde sjølvsagt med oss eit lite stitchery, og ut på kvelden fekk vi tid til å ta det fram og sy nokre sting. ....Det blir faktisk gjort mindre handarbeid i ferien enn elles........