![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEihXXttD9_AzkcfNn-5FlrSgkmuziv8F6JOZI760ds6BvPGjWOcNTlCGZ6glceR6s3FmDBDPN3Q9dRCOK_q37tQ2r5us8QNLUZu8iPvWif3AA0lH2n2Xti87h7xGuIhS2tXJhs4IC3fhHPa/s320/IMG_4852.JPG)
Denne veka fekk eg ein hyggeleg pakke i posten frå
Capris(min favorittbokandel på nettet).
I pakken var den siste boka til
Debbie Macomber i
"Blossom Street" serien.
I tillegg hadde eg bestilt ei bok med mønster på dei strikkeprosjekta
som blir omtala i romanen.
Eg kjøpte den første boka i denne serien
då eg var på ferie i USA sommaren 2008.
Måtte ha noko lett lesestoff på flyet heim.
(Optimist som vanleg, for Minstemann sov ikkje i det heile...).
Vel, det tok både vinter og vår før eg kom meg i gang med boka.
Men det gav etter kvart meirsmak, så no har eg lese 5 bøker av D. M. på engelsk.
Tre av dei las eg i jula.
Kjempekoselege bøker om ei gate i Seatlle, folka og butikkane
(særleg garnbutikken "A Good Yarn") der, pluss pluss.