
Eg er ikkje mykje til hobby-bloggar for tida.
Har fortsatt senebetennelse i høgre arm,
og trur det blir ei god stund til eg kan strikke/hekle/sy igjen.
Klarer å brodere litt, men må vere forsiktig også med det.
Veldig keisamt, men det opnar for andre hobbyar.
Er begynt med apparattrening og symjing eit par gongar i veka,
i tillegg til å lese bøker.
***
Bok nr. 6 og 7

Det tok ei stund før eg blei interessert i Knausgård, men no er eg det.
Synest han skriv utruleg godt!! Det at han er berre to år yngre enn meg, gjer det også ekstra interessant å lese om ungdomstida hans i denne boka.
Han seier i eit intervju at han brukar seg sjølv som ein reiskap, og ligg på grensa til det smertefulle i å utlevere seg sjølv (og andre..). Han likar ikkje å skrive desse bøkene, men vil det (som eit eksperiment). I denne boka utleverer han først og fremst seg sjølv. Boka handlar også mykje om faren, som har vore død ei stund. Eg synest det er veldig interessant og gjevande å lese noko så jordnært og kvardagsleg som denne boka. Knausgård seier at han har eit veldig visuelt minne, og hugsar alle rom han har vore inne i. Dei trivielle hendingane og replikkane er sjølvsagt dramatiserte, men byggjer på stemninga og tonen i dei gitte situasjonane. Dette har han klart veldig bra!! Gler meg til å lese bok nr. 2.

Denne boka er både god, spesiell og ganske fæl.
Handlar om kvinnefellesskap på sitt verste.
***
I går hadde vi 50-årsdag i huset.
Ikkje meg altså. Eg er sjølvsagt m y k j e yngre.
Jubilanten hadde dessverre influensa, så feiringa er utsatt ei veke.
Måtte berre vise fram ein av dei fine blomane som kom på døra!!