24 desember 2014
23 desember 2014
23. desember
"Stjerne over Island"
Eg blei ferdig med sokkane "Stjerne over Island" i siste liten.
Det er Bitta Mikkelborg som har laga dette mønsteret.
Mine er strikka i Mellanraggi frå Jærbo
Det gjekk med 115 gram.
Sidan eg ikkje strikkar spesielt fast,
blei dei litt store i størrelsen. (Ca. str. 39-42).
Sidan eg ikkje strikkar spesielt fast,
blei dei litt store i størrelsen. (Ca. str. 39-42).
Det vart ikkje tid til vasking eller damping.
Sokkane blei pakka inn med det same trådane var festa i dag tidleg.
22 desember 2014
22. desember
Her er det vesle sjalet ferdig.
Det er strikka med to trådar -
ein tynn tråd med paljettar og eit tynt mohairgarn (anisa).
Pinne nr. 5,5.
Starta med tre masker
og auka etter dei tre første maskene på kvar omgang,
ved plukke opp tråden imellom og strikke den vridd rett.
(Ide og mønster : En rød tråd. Lokal garnbutikk).
Freistande å behalde dette sjølv,
men eg har allereie to i andre fargar...
men det er tatt siste skuledagen før jul :D)
Minstemann har perla julegåver.
21 desember 2014
19., 20. og 21. desember
Fekk litt garn igjen etter lua eg strikka.
Det var akkurat nok til ni hekla hjarter.
Eg brukte dette mønsteret frå Drops sin juleverkstad.
18 desember 2014
18. desember
Eg har strikka ei enkel men artig lue i Perfect frå Sandnesgarn.
Mønsteret heiter Guinan og er eit gratismønster på Ravelry.
17 desember 2014
17. desember
I dag fyller son nr. to 24 år.
Vi har feira dagen med middag og kaffi/kake på kafe.
Fint med ei sånn enkel feiring for ein gongs skuld.
Eg er i selbumodus for tida.
Har lyst til å strikke både selbuvottar og panneband.
Får sjå om det blir.
Av og til kjøper eg mønster, garn (eller stoff) til eit prosjekt,
men begynner på noko heilt anna,
Veit ikkje om eg er åleine om å ha det slik?
Desse mønstrene er frå boka Selbu strikkebok som kom ut no i haust.
Det garnet som stort sett er brukt her,
er Rauma gammelserie.
16 desember 2014
16. desember
Joni Mitchell
River
I kveld hadde 1.- 4. klassingane på skulen vår flott julekonsert
for foreldrene i Operahuset Nordfjord.
for foreldrene i Operahuset Nordfjord.
Laurdag var eg i det samme huset på julekonsert med
Sigrid Moldestad.
Ho sang ein Joni Mitchell song, omsatt til norsk.
Veldig vakker!
Her er den originale.
Ein litt trist og melankolsk julesang.
15 desember 2014
15. desember
Tilda:
Her er to av Tilda-dukkene mine!
***
I fjor haust var Karen Grov på besøk hos NLQ
og snakka om og viste fram Tilda-dukkene som ho syr.
Eg bestilte nissejenta av henne,
og til jul fekk eg jammen Skijenta i julegåve
av Elin (Lappetausa).
Også den er sydd av naboen hennar, Karen.
Også den er sydd av naboen hennar, Karen.
Eg har fleire av bøkene til Tone Finnanger,
men tvilar på at eg kjem til å sy desse dukkene sjølv,
men ein veit aldri....
Har kika så vidt i den nye boka til Tone F.
Den ser veldig fin ut.
Har kika så vidt i den nye boka til Tone F.
Den ser veldig fin ut.
I dag kom det snø igjen.
Kjekt for Max som kosar seg i hagen!
14 desember 2014
13 desember 2014
10 desember 2014
10. desember
I dag var eg ein tur på Tore-garden
saman med to kollegaer og syveninner.
Likte juletreet Sølvi har laga ,
Det heng utanfor inngangsdøra.
Her er ein annan smart juletreide,
som eg kom over på denne nettsida.
På Tore-garden kjøpte eg blant anna
denne boksen med te.
Gler meg til å prøve den :)
09 desember 2014
9. desember
Kjekt blad:
Det er kjekt når Quiltemagasinet ligg i postkassa.
Eg finn alltid noko eg likar og får lyst til å lage der.
Denne gongen likte eg aller best AnnAKa sin løpar,
som ho har kalla Mørketidspasteller.
Denne er fin å ta fram og legge på bordet,
når jula skal pakkast vekk i januar.
Elles har eg funne fram noko garn frå garnlageret.
Eg har fleire gutar som ønskjer seg sokkar i julegåve!!
08 desember 2014
8. desember
Adventsløpar
I oktober var eg på eit kurs med Bente Malm i regi av NLQ.
Det var eit dagskurs, og tema var tri-recks linjalen.
Eg ville ha eit lite og overkommeleg prosjekt,
så eg sydde denne adventsløparen her.
07 desember 2014
7. desember
Det var freistande å ta ein kviledag frå blogging i dag,
Denne helga har det vore både julebord og bursdagsfeiring.
I tillegg er eg, som så mange andre for tida, forkjøla.
Men eg kan ikkje gje opp adventskalendaren så lett...
Difor eit lite innlegg heilt på slutten av dagen.
Her er søster A. sin Aftur-genser.
Mønsteret er frå boka Islandsk strikk.
Det finst også gratis på nettet.
Genseren er strikka i Lettlopi
av modellen sjølv.
av modellen sjølv.
06 desember 2014
6. desember
Gjenbruk av stoff:
Denne litt utradisjonelle julestrømpa kjøpte eg
for nokre år sidan på ein Eplabutikk.
Den har vore brukt til dei adventsgåvene
som har vore for store for vottane.
Baksida av strømpa er i eit stoff.
I år har det vore mildt og stort sett fint haustver heilt til no.
Det blei litt meir vinterleg etter at det
kom snø på fjella denne veka.
Mennene til venstre i elva fiskar etter rømt oppdrettslaks,
noko dei har halde på med i fleire månader.
Abonner på:
Innlegg (Atom)