No er skulane slutt og "lærarferien" begynt!
Det gjer ikkje noko om veret ikkje er heilt topp
dei første dagane,
for eg er i ryddemodus for tida.
Har rydda så mykje på jobben dei siste vekene, at det passar med litt gradvis nedtrapping.
I går rydda og ommøblerte eg på syrommet.
Som vanleg blei eg litt
sjokka over kor mykje eg har av garn, stoff og uferdige prosjekt,
så eg måtte berre gjere meg litt hard og kaste litt. Ein kan ikkje samle på alt.....
Skiftande ver i dag. Litt regn, sol og skyer.
Av og til varmt og av og til kaldt.
Lappetausa fekk Ishbel-sjalet i bursdagsgåve, så i dag kjøpte eg meir BabySilk slik at eg kan begynne på eit nytt til meg sjølv.
Eg likte veldig godt den beige fargen, men for å få litt variasjon kjøpte eg lysegrått i dag.
Trur det og kjem til å bli veldig fint. Kjøpte også to stoffbitar.
Fatet fekk eg av systra mi til bursdagen min tidlegare i veka.