Eg er frykteleg dårleg til å blogge for tida.
Det har vore ein travel haust, men eg kan ikkje berre skylde på det.
Eg har halde på i snart sju år no, så kanskje det er på tide å gi seg...
Får sjå det an i løpet av hausten/vinteren :)
***
Har strikka ein mjuk og god hals i Dale alpakka og Iris alpakka.
Mønsteret fann eg i det siste tilbehørs-heftet til Dale alpakka.
Der er det brukt Påfugl frå Dale i staden for Iris.
Skal prøve det og.
Gjekk ned eit nummer frå pinne 6 til 5
,for at halsen ikkje skulle bli for vid.
(Eg strikkar litt laust)
***
Så litt netthandel.
Fekk ei kasse med ti nøster Opal i posten for nokre veker sidan.
Eg er jo svak for Opal til både sokkar og kle,
så det vart litt freistande då Mauds garn hadde tilbod på kassene.