![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhiTLTtWoMF6n-hwyurpQMmyc5W0iiROcu9_mDXaF5YuCnufj8_oSCYPrkTGZuQuZFOx7wBLd_fY43gblVgCVdKSpTdUzaYw5qlaLvj4BD3TGKVqdK3qtFxdRB9FmkfxWs2OvjQ2XP7uS23/s320/IMG_8686.JPG)
Eg har strikka ei til av denne lua i Freestyle frå Dale.
Det er i alle fall den 5. eg har strikka etter dette mønsteret.
Men alle er gitt vekk eller selde, så eg måtte strikke ei til meg sjølv.
Eg brukar litt over 2 nøster til ei slik lue.
Mønster: Legg opp 88 m på pinne nr. 4. Strikk 2 r og 2 vr i 8-9 cm.
Auk ein r i alle r felt og 1 vr i alle vr felt, slik at du har 132 m.
3 r 3 vr i 3 omg. Strikk så 1 vr. 3 r. 3 vr... i 3 omg.
Fortset med å forskyve ei maske for kvar 3. omg. til arb. måler 23 cm.
Felling: Strikk 2 vr saman i kvart vr felt. Strikk 3 omg. utan felling.
Strikk 2 r saman i kvart r felt. Strikk 3 omg. utan felling.
Strikk 2 vr saman i kvart vr felt. Strikk 3 omg. utan felling.
Fortset slik til det er 44 m igjen. Strikk to og to masker saman. Ein omg. utan felling.
Strikk to og to masker saman til 11 m. Trekk tråden gjennom dei siste maskene.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEi5LQZ0WKAMfGkhQknZeM0WHp6UZeh3tUNNN3NcXo6CSE4-_V50DPEeM33lYEMHxmfT_dF1fl8piUmuvEW3zTKW6N1TpUjOLbqEceakv-RYLfXcDf9dkNE8qrFZq9E7P7tuqWAWesjMZBcU/s320/IMG_8679.JPG)
Luehals i Iris frå Rauma.
2 nøster med Iris og pinne nr. 9
Mønster: Legg opp 42 m på pinne 9 med dobbel tråd. Strikk 2 rett og 2 vrang til garnet er nesten brukt opp. Fell av og sy saman.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEifx2hy2YhERfZnedOeaDcXC5d1X1OI-VyAIMcf5aALLGLlrenMbybLPiV7YSRpXw5X06dZkkM1BWzWyhYH7JXgC2CdyQgBH1HdtDl4rTzduCqCf-pvcWeTGsg8mFZjfSB_yhLO_7KJNafw/s320/IMG_8682.JPG)