22 juli 2013
14 juli 2013
Hekla pledd på gang....
Eg har alltid nokre hekla pledd på gang....
I vår og sommar har eg hekla litt på det brune pleddet mitt,
som eg begynte på for nesten to år sidan.
Mønsteret på det står i eit interiørhefte frå Pt.
No er eg ferdig med ca. 2/3 av pleddet,
og eg trur eg kjem til å bli veldig fornøgd.
Det einaste negative med dette prosjektet,
er at det er veldig mange trådar å feste!!
Dette lappeteppet begynte eg på i fjor sommar.
Det er eit søtt sommarpledd i Finull, PT 2 og litt broderitråd.
Eg får berre lyst til å hekle på det når sola skin,
og det er varmt og fint.
Så det er eg ikkje komen så langt på enno...........
11 juli 2013
Besøk av Lappetausa
Eg er så heldig å bu i nærleiken av
ikkje mindre enn tre veldig kjekke hobbybutikkar.
Elin hadde med Annes sommerduk,
som no berre manglar lukkekant.
Den blir veldig fin!!
Eit lite utval av det som finst i butikken.
10 juli 2013
09 juli 2013
Engelsk papirsaum
Elin og eg har jobba med engelsk papirsaum
denne sommaren.
Vi bestilte startpakke frå Lappe Makeriet,
som inneheldt stoff og pappmalar.
Så langt var Elin komen på sin duk sist vi var i lag.
I kveld var eg på sytreff med to kollegaer,
som eg og syr saman med.
Ann Margret begynte etter oss,
men er allereie ferdig med toppen.
Ho har brukt stoff frå det rikhaldige stofflageret sitt!
Eg er den som er komen mist langt,
bortsett frå Britt som ikkje er begynt enno, men har planar.
Her er nokre av mine stjerner.
Eg har begynt å sy dei saman,
men får vise det ein annan dag.
01 juli 2013
Abonner på:
Innlegg (Atom)