Det enkle er ofte det beste.... I dag baka eg bollar etter oppskrifta bak på mjølposen. Dei blei kjempegode!! Må legge til at eg brukte margarin og ikkje olje, og litt kaffifløyte blanda med vatn, i mangel på melk! Brukte også gjær for søt deig. Kardemommen droppa eg, synest kardemommemengda er altfor stor i dei fleste oppskrifter! Kva seier dei andre Mat og Helse- lærarane? Eg må innrømme at sjølv om eg underviser i dette faget i år, ikkje har det med i utdanninga mi....og ikkje er eg spesielt flink til å lage mat heller. Men eg likar mat, og visse personar her i huset påstår at eg tenker på mat heile tida.....hmmmm.....Men med mann og fire sønner på 4, 12, 17 og 19 år, er kanskje ikkje det så rart heller, for det blir faktisk ein del matlaging!!
Når eg først er på kjøkkenet, vil eg vise fram desse fine gryteklutane som ei av tantene til mannen min har strikka. Ho masseproduserte desse i mange år og gav vekk til slekt og venner. Om ho fortsatt strikkar, veit eg ikkje. Ho bur i Kristiansand og nærmar seg 90 år. Gryteklutane er strikka dobbelt og etterpå er det hekla på ein kant rundt og hemper. Kjempefine og gode å bruke og!