
Denne helga har eg vore på kurs med
Mia Øberg frå
MiasQuiltbod i Sverige. Kurset heiter "Smarta remsor og fiffiga trianglar".
Det er kanskje to år sidan eg har vore på sykurs, så det var på tide. Det har blitt veldig lite sying på maskin det siste halve året (...trur eg har sydd ein klemmepung, det er alt...), men no håper eg at det kan bli meir.

Eg fekk sydd framsida på ei sofapute (smarta remsor),

og toppen på ein liten kjøkkenløpar (fiffiga trianglar).
Eg valde enkle løysingar og små prosjekt,
sidan eg ikkje er så trent i faget som dei fleste andre i klubben.
Kjekt å bli mest mogeleg ferdig også.
No har eg berre monteringa igjen, og det er eg fornøgd med!

Her er søndagens lunsj og kake.
