12 januar 2008

Quilte/strikketreff


I dag hadde eg besøk av systra mi, LilleMø og tanta mi, Lappetausa. Lillemø strikkar Fanagensar og Lappetausa syr til ein lukkekant for hand. Sistnemde strevar med å få alle UFO'ane sine ferdige, og eg må seie ho gjer ein god jobb! Ho viste nemleg fram fire ferdige på bloggen sin sist søndag, og i morgon blir det truleg tre til! Vesten som Lappetausa har på seg blei strikka av LilleMø for 25 år sidan. Han er truleg strikka i Peer Gynt og er fortsatt like fin! Vestar er eigentleg veldig praktisk plagg, så eg trur eg må strikke meg ein snart. Eg kjøpte eit PT hefte i fjor med mange fine modellar........

09 januar 2008

Årets ...hmm...tredje utskeiing!

I dag begynte salet her, og eg gjekk innom Libris-butikken for å sjå etter hobbybøker på sal (sjølv om sjansen for å finne ei som eg ikkje allereie har, ikkje er så stor...). Eg såg fort denne boka og den måtte eg berre ha! I love it


08 januar 2008

Årets andre utskeiing!

I kveld var eg på møte i den lokale lappeklubben. Eg kom heim med dette heftet som inneheld mønster på 12 koselege applikasjonar med tekst (noko å leve opp til i det nye året!)! Dei kan syast kvar for seg eller settast saman til eit teppe. Kjekt å ha!

06 januar 2008

Årets første utskeiing....

I går kom eg heim med mønster og to stoffbitar kjøpt hos Ingun på Primula.
Eg har hatt lyst til å sy desse spisebrikkene heilt sidan eg såg det nye AnnAKa-mønsteret like før jul! Så får vi sjå kor tid det blir.....
I dag måtte eg sy ei ny gardinkappe til kjøkkenet.
Eg har rydda vekk jula denne helga. Er av dei som må få julepynten fort vekk etter nyttår.

04 januar 2008

På pinnane.......

Godt nytt år! / Happy New Year!
Her er det som eg strikkar på for tida! Eg er ferdig med første sokken i "Yarn over Cable"-mønsteret og har lagt opp til nr. to. Opal er berre eit supert garn! Eg likar det betre enn både Sisu, Regia og Fabel. Tanta mi, Olaug, har rett i at det gir meir ullfølelse! Denne Uni-fargen er mest riktig på utebildet lenger nede på sida.
Eg har dessutan funne fram Jubileumsgensaren til Norges Skiforbund (100 år i år..), som eg i følge bloggen min begynte på i begynnelsen av august. (Det er greit å kunne gå tilbake og sjekke. Eg trudde det var i haustferien, tida går jammen fort!) Eg har ein tendes til å bli fort lei av sånne litt større prosjekt, men no må eg ta meg saman og fullføre gensaren, skal eigaren ha noko glede av han denne vinteren. Eg har strikka ein halv erm denne veka. Ermen har ei flette midt på, heldigvis, elles hadde det vore veldig keisamt... Men no skal eg snart begynne på ei mønsterbord. Strikkar str. S til 12-åringen.

30 desember 2007

Søndagstur med bål og pølser!

I dag var det regn i lufta, desverre, men frisk luft måtte vi uansett ha! Vi laga eit lite bål så Henning fekk spidde seg nokre pølser. It rained today, but we still had to get outside for some fresh air. We made a bonfire, so that Henning could barbecue some sausages.

29 desember 2007

Det snør, det snør........

Endeleg kom snøen! Pappa og Henning har laga denne flotte snømannen, eller snømanndama, som Henning kallar den.

23 desember 2007

Hekla veske i Muskat

I juni hekla eg ei veske til meg sjølv i Pt Sumatra. Sidan svigermora mi likte den så godt, har eg hekla ei til henne som ho skal få i julegåve. Denne gongen har eg hekla i Muskat, og eg synest det blei vel så bra. Ho likar grønt, så eg håper ho blir fornøgd! Veska har vore ferdig lenge, eg har berre ikkje somla meg til å sy på hankane før i kveld. Ute i siste liten som vanleg!

22 desember 2007

Ossetra to dagar før jul!

I dag var mannen min og eg på fjellet. Eg gjekk ikkje heilt opp på setra på grunn av at det var så isete og glatt øvst oppe. Ein ting er å gå opp, men å gå ned igjen når det er sånn er verre, synest eg! Men eg hadde ein fin tur likevel. Eg sendte kameraet mitt med min sprekare halvdel, slik at han kunne ta nokre vinterbilder frå setra, 430 moh.








Sommaren 2006 hadde vi besøk av niesa vår Danielle (21) som bur i Sydney. Ho var i Noreg for fyrste gong og rissa namnet sitt inn i veggen på selet vårt.

21 desember 2007

Tre dagar igjen til jul!

I dag har eg hatt fri frå jobben og har fått gjort litt av kvart heime. Eg har baka Konfektkakene til Marie. Dei blei kjempegode!
Så har eg sydd gardinkapper til to små vindauge i stova, noko som har blitt utsatt i cirka eit år! Eg har også handla MASSE mat til jul og kjøpt denne pocketboka som er bok nr. 1 i ein serie som heilter Landsbyliv. Før las eg alltid på ein eller annan pocketbokserie, men så blei eg lei og har hatt pause frå det i mange år. Men i dag kom eg altså over noko som fanga interessa. Serien handlar om livet i ein engelsk landsby, noko som eg likar både i bokform og på tv! Bøkene og forfattaren er visst svært populære i England!

17 desember 2007

Bursdag i huset!

I dag har nr. 2 bursdag og fyller 17 år! Eg hugsar godt då han blei født, det gjekk nemleg veldig fort og greitt! Guten på 4,5 kilo og 54 cm kom berre ein time etter at eg spaserte inn på fødeavdelinga! No er han ein stor kar på 1,95 meter! I kveld hadde vi berre ei lita feiring saman med dei fire besteforeldrene, men det blir nok meir feiring til helga!
Veret dei siste vekene har vore skiftande. Nokre dagar med kulde, så mildare ver og kulde igjen. Men ingen snø, så det spørst om det blir tur til setra i jula i år og! Desse to bildene er frå søndagsturen i går. Mange grøne innslag i skog og mark! I dag er det kaldare igjen.

Today my second son is 17 years old! We have been celebrating with his four grandparents.

13 desember 2007

Nissetider

Det er travle tider! I dag har minstemann blant anna vore på julemiddag på hotellet saman med barnehagen. Ikkje rart han tok ein tidleg kveld!

Denne nissen søv aldri. Han lyser opp i hagen både dag og natt i desember!

08 desember 2007

Kaffe Fassett

I dag fullførte eg desse strømpene i tynt Regiagarn. Det er Kaffe Fassett som har designa farge og mønster. Det er lenge sidan eg begynte på dette paret (oktober), så eg er ikkje lenger så flittig til å strikke strømper som eg var ei stund.
Today I finished this pair of socks i Regia.

07 desember 2007

Naturen inne og ute

Eg blei inspirert av eit innlegg som Juliann hadde for nokre veker sidan, og kjøpte meg ei kvit julestjerne i går!
Utsikt frå terassedøra ein desemberføremiddag. Det har regna ein god del sidan dette bildet blei tatt for nokre dagar sidan, så no er all snøen/rimen vekk.