21 desember 2007

Tre dagar igjen til jul!

I dag har eg hatt fri frå jobben og har fått gjort litt av kvart heime. Eg har baka Konfektkakene til Marie. Dei blei kjempegode!
Så har eg sydd gardinkapper til to små vindauge i stova, noko som har blitt utsatt i cirka eit år! Eg har også handla MASSE mat til jul og kjøpt denne pocketboka som er bok nr. 1 i ein serie som heilter Landsbyliv. Før las eg alltid på ein eller annan pocketbokserie, men så blei eg lei og har hatt pause frå det i mange år. Men i dag kom eg altså over noko som fanga interessa. Serien handlar om livet i ein engelsk landsby, noko som eg likar både i bokform og på tv! Bøkene og forfattaren er visst svært populære i England!

1 kommentar:

solveig sa...

Takk for tipset!
Eg har skrive ut oppskrifta hennar på "Vepsebol", men ikkje kome så langt at eg har baka dei.
No får eg skrive ut desse og.