15 desember 2014

15. desember

Tilda:
 Her er to av Tilda-dukkene mine!
***
I fjor haust var Karen Grov på besøk hos NLQ 
og snakka om og viste fram Tilda-dukkene som ho syr.
Eg bestilte nissejenta av henne,
og til jul fekk eg jammen Skijenta i julegåve
 av Elin (Lappetausa).
Også den er sydd av naboen hennar, Karen.
Eg har fleire av bøkene til Tone Finnanger,
men tvilar på at eg kjem til å sy desse dukkene sjølv,
men ein veit aldri....
Har kika så vidt i den nye boka til Tone F.
Den ser veldig fin ut.
I dag kom det snø igjen.  
Kjekt for Max som kosar seg i hagen!

1 kommentar:

Elin sa...

Kjekt gjensyn med Tilda! Du har vel snart fått pynta ferdig til jul du, som lagar så fine innlegg kvar dag. Kjekt!