Eg har lånt tittelen på John Grisham si morosame julebok Skipping Christmas som bloggtittel i dag.
Det er nemleg første gong på fem år at eg har hoppa over jula på bloggen min.
Det er for seint å ønske god jul, men eg kan i alle fall ønske alle som er innom her eit godt nytt år!
Strikkar og heklar litt igjen, men lite og forsiktig. Først ut i år er eit panneband i Lerke frå Dale. Dobbel tråd og pinne nr. 5. La opp 17 masker. Ideen fekk eg av Monai. Ravelrymønster her. Sjalet er hekla i ein tråd DSA Sky og ein tråd Silkmohair frå Sandnes. Det er hekla som ei halv bestemorsrute. Veldig mjukt og godt!
Dette bildet tar eg med for å illustrere kor grøn jula i fjor var. Synest å hugse at det begynte å snø i romjula ein gong, men at den snøen smelta ganske fort. No er det i alle fall kaldt ute. Vi har fått tilbake vintergjestane, trur det er Sangsvanar. Dei syng i alle fall ganske høgt og stygt, særleg når dei vil forast. Då er det berre å finne fram brød og tilfredsstille krava.
Strikkar og heklar litt igjen, men lite og forsiktig. Først ut i år er eit panneband i Lerke frå Dale. Dobbel tråd og pinne nr. 5. La opp 17 masker. Ideen fekk eg av Monai. Ravelrymønster her. Sjalet er hekla i ein tråd DSA Sky og ein tråd Silkmohair frå Sandnes. Det er hekla som ei halv bestemorsrute. Veldig mjukt og godt!
5 kommentarer:
For et deilig sett du har laget. Trenger gode varme klær her iallefall. -12.6 her nå.
Godt nytt år til deg også.
Klem Tone
Til neste jul får kanskje nissefar også vere med? Koselege bilder.
Der var du igjen ! ;) Godt år !
Fint panneband ! Sjalet ser godt ut i lekker farge.
Koseleg med svanene som du steller godt med, forstår eg.
Total bloggtørke hos meg, men putlar på med litt forskjellig. Må visst
skjerpe meg og ta tinga ut i lyset ei helg og ta bilder.
No er det mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kjem heim. Men
merkar det lysnar kvar veke. :)
Godt nytt år.
Søt nissefamilie:)
Flott sjal og pannebånd, blir godt å bruke i vinterkulden.
Koselig med besøk av svaner, her er en liten flokk hver vinter.
Ha en fin uke:)
onoight Kjekt å høyre frå deg. Tenker på alle dei stire svanane du skal fø på. Her er det vanlig å tigge fuglemat på butikkar som har brødskjeremaskin (og det har dei vel alle stader dei sel brød)-der ligg det masse skalkar att. Sikkert ikkje lett for svanane å finne seg mat sjølve. Fine er dei om dei syng stygt.
Legg inn en kommentar