14 januar 2013

Skipping Christmas


Eg har lånt tittelen på John Grisham si morosame julebok Skipping Christmas som bloggtittel i dag.
Det er nemleg første gong på fem år at eg har hoppa over jula på bloggen min.
Det er for seint å ønske god jul, men eg kan i alle fall ønske alle som er innom her eit godt nytt år!
Dette bildet tar eg med for å illustrere kor grøn jula i fjor var.  Synest å hugse at det begynte å snø i romjula ein gong, men at den snøen smelta ganske fort.  No er det i alle fall kaldt ute.  Vi har fått tilbake vintergjestane, trur det er Sangsvanar.  Dei syng i alle fall ganske høgt og stygt, særleg når dei vil forast.  Då er det berre å finne fram brød og tilfredsstille krava.


Strikkar og heklar litt igjen, men lite og forsiktig.  Først ut i år er eit panneband i Lerke frå Dale. Dobbel tråd og pinne nr. 5.  La opp 17 masker. Ideen fekk eg av Monai.   Ravelrymønster her.  Sjalet er hekla i ein tråd DSA Sky og ein tråd Silkmohair frå Sandnes.  Det er hekla som ei halv bestemorsrute.  Veldig mjukt og godt!

5 kommentarer:

Tonemor sa...

For et deilig sett du har laget. Trenger gode varme klær her iallefall. -12.6 her nå.
Godt nytt år til deg også.
Klem Tone

Hildegard sa...

Til neste jul får kanskje nissefar også vere med? Koselege bilder.

Snuppesnella sa...

Der var du igjen ! ;) Godt år !
Fint panneband ! Sjalet ser godt ut i lekker farge.
Koseleg med svanene som du steller godt med, forstår eg.

Total bloggtørke hos meg, men putlar på med litt forskjellig. Må visst
skjerpe meg og ta tinga ut i lyset ei helg og ta bilder.
No er det mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kjem heim. Men
merkar det lysnar kvar veke. :)

Svalen sa...

Godt nytt år.

Søt nissefamilie:)
Flott sjal og pannebånd, blir godt å bruke i vinterkulden.
Koselig med besøk av svaner, her er en liten flokk hver vinter.


Ha en fin uke:)

Besta sa...

onoight Kjekt å høyre frå deg. Tenker på alle dei stire svanane du skal fø på. Her er det vanlig å tigge fuglemat på butikkar som har brødskjeremaskin (og det har dei vel alle stader dei sel brød)-der ligg det masse skalkar att. Sikkert ikkje lett for svanane å finne seg mat sjølve. Fine er dei om dei syng stygt.