06 oktober 2007

Opal Regnskog

Når ein har mange prosjekt på gang og stadig byrjar på noko nytt, seier det seg sjølv at det tar si tid før ein får ting ferdig. Difor, for å ha noko å vise fram her, tok eg meg saman og strikka ferdig dette sokkeparet i "Slange" (trur det er Regnskog 2 serien). Str. 38-39 på pinnar 2,5. Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om desse fargane/mønsteret. Blei eigentleg litt kvalm av dei, men det kan og skyldast at eg åt litt for mykje smågodt medan eg fullførte dei....Dei får bli julegåve, trur eg......

2 kommentarer:

Marie sa...

Her i huset er me vane med stripete sokkar. Svigermor strikka både stripesokkar og stripegenserar til barna då dei var små. Dei du har strikka var nå rektig så fine synes eg! Fint til dongry ein kald haustdag.

Ha ein finfin lørdagskveld :o)

Besta sa...

Det var noko visst slangeaktig over dei gule stripene, men lestane var fine dei! Eg strikkar framleis lester, men no må eg snart sjå å få begynt på den raglangenseren ............Det gjeld berre å finne det rette garnet. Her i Ø har dei ikkje Opal, så eg får ta meg ein tur på Nettstrikk, kanskje? Tigergarnet er truleg aktuelt, sjølv om eg heller ville hatt meir gutaktige fargar.