31 januar 2016

Teppe i Pt2

 Eg har fått ein god start på året
 når det gjeld å gjere ferdig uferdige objekt.
Dette teppet begynte eg på for ca. fem år sidan.  
Mønsteret fann eg i eit av Pt sine mange fine interiørhefter.
(Pt design nr. 93)
Fem ulike fargar, fire ulike ruter.  
Rutene er montert diagonalt.
Eg brukte krok nr. 4 i staden for 5
 og hekla teppet mitt litt større enn det i mønsteret.
 (13x9 ruter)
Veldig mange trådar å feste!!  Over 1000, 
så det var ei tolmodighetsprøve eg ikkje vil anbefale!
Men teppet blei veldig fint det!  Tidlaust og klassisk.


Dette bildet blei tatt tidlegare i veka.  
Vi har meir snø no. 
 Kjekt å få besøk av svaner og stokkender.

17 januar 2016

Ribbehals i Hexa

 Denne veka har eg strikka Ribbehals i Hexa.  
Herleg mjuk og kløfri i nydeleg turkisblå farge.
Passar godt til vinterkalde januar.

14 januar 2016

Fanakofte i svart og kvitt


Denne Fanakofta begynte eg på hausten 2014. 
 Eg la opp til str. L og strikka halve bolen, 
før eg såg at den blei altfor stor.
 Eg rekte opp og strikka den i M i staden for, 
noko eg er glad eg gjorde.
Kofta er fantasktisk god.  Mjuk, lett og passeleg varm.
Dette er mitt første og desidert ikkje siste plagg strikka i Tumi frå Rauma!!
***
Mønster på kofta fann eg i dette heftet.   

11 januar 2016

Rosegenser

 Årets første "finish"  er ufoen Rosegenser. 
Gratismønster frå ull.no.
Garn:  Norsk Pelsullgarn frå Hillesvåg.
Det er første gang eg strikkar med dette garnet.
Det er godt å jobbe med, og plagget blir lett og fint.
Augene mine blei imidlertid veldig tørre og såre av å strikke med dette garnet, 
kombinert med mange minusgrader ute og vedafyring.
Så det er sikkert difor eg la arbeidet vekk for eit år eller to sidan.
Men eg trur ikkje det blir noko problem å bruke genseren.
Eg synest den blei fin og passeleg.

06 januar 2016

Strikke/hekleåret 2015


 Her er dei store prosjekta mine i 2015.

05 januar 2016

Løpar i julegåve

 Til jul fekk eg denne fine løparen av Lappetausa.
Herlege fargar å pynte med no etter at juleløparane er pakka ned.

 Skulle nesten tru det var denne framsida som inspirerte Elin.

 Det blei ein del turar i skogen i juleferien.
Her er eit eksempel på kva storm og orkan har ført til dei siste åra.

Utsikt over fjord og fjell er alltid bra for sjela :)
Godt nytt år!

26 desember 2015

Juledagar

Eg hadde ein god strikkeperiode i haust 
og fekk gjort ferdig ein del uferdige større prosjekt.  
Eit av dei var denne "Nordkapp"-kofta, 
som eg begynte på i 2013.  
Den blei dessverre altfor lita til meg, 
så då hadde eg plutseleg ei julegåve til ei ung dame.
      
Kofta er strikka i Smart frå Sandnesgarn.
  Det garnet er for tungt for meg å strikke med, 
noko som er grunnen til at det har tatt så lang tid å få den ferdig.
Eg har lyst til å strikke den igjen til meg sjølv,
men då kjem eg eventuelt til å bruke alpakka i staden for Smart.
  

 Etter at eg var ferdig med kofta, blei det fram med heklekroken. 
 Dette pleddet begynte eg på i september,
 og det var enkelt og avslappande å jobbe med.
Pleddet blei også julegåve, 
sidan det har begynt å hope seg opp med heklapledd her heime.
Mønsteret er Granny stripes, Attic 24.
Garnet er Daletta frå Dale.


29 november 2015

Acnegenser med hals

 Då har endeleg eg og strikka meg ein Acne-genser. 
***
Eg strikka 16 raglanfellingar i staden for 15,
 men skulle ha strikka eit par til.
Genseren blei for vid i halsen for meg, 
særleg på denne årstida.
Sidan eg hadde eit nøste med brun/beige-melert til overs,
stikkka eg på ein hals etter at genseren var ferdig.
 Faerytale er håplaust å rekke opp,
så det orka eg ikkje.
Eg plukka opp masker der vrangborda begynner,
så halsen ligg under vrangborda.

09 november 2015

Mose

 For nokre veker sidan kjøpte eg boka Rett på tråden 
av søstrene Birte Sandvik og Margareth Sandvik.
Det er ei artig strikkebok, 
der alle modellane er strikka i Raumagarn 
og inspirert av 60-talet.
 Eg har strikka halsen Mose frå boka.
Den er strikka i Iris alpakka.
Den går tre gongar rundt halsen,
og blei mjuk og lett.

01 november 2015

Spice of Life


Då er eg ferdig med Spice of Life-teppet mitt.
Eg skriv ikkje endeleg ferdig, slik eg ofte gjer.  
Dette har nemleg vore eit utruleg artig prosjekt, 
som det er freistande å gjenta.
Teppet er hekla i Daletta frå Dale og Alpa frå Europris.
Eg hadde hekla heile teppet i Daletta, 
om der hadde vore fleire fargar å velje mellom.
Men det var ikkje så dumt å kombinere ull og alpakka på denne måten.
Teppet blei mjukare og varmare.
Det einaste negative (som eg har skrive om før), 
er at mønsteret ikkje kjem så godt fram når du heklar i alpakka.
Men det er ikkje sikkert det gjer noko.

10 oktober 2015

Veskekurv igjen

Veskekurven var så kjekk å sy,
at eg har sydd ei til.
Denne gong i eit haustleg stoff.

09 oktober 2015

Samsying i haustferien

 Det blei litt sying i dag også.
Her er resultatet av samsyinga
Elin og eg har hatt i to dagar.
Ikkje verst (for å vere oss i alle fall..),
å få to ferdige produkt kvar.
Begge desse tinga har vi hatt lyst til å sy ei stund.

 I dag sydde vi What's in your bag?  
Eit mønster frå Stitchin' Sisters.

Ein kjekk liten sak til oppbevaring av diverse.
Vi lærte litt undervegs her.

Veskekurven

 Det er haustferie og eg har besøk av Elin (Lappetausa).
I går sydde vi den populære veskekurven frå Ryum quilt.
Så enkel og kjekk å sy,
 og så praktisk i bruk!

07 oktober 2015

Spice of Life part 3


 Framgang på Spice of Life-teppet mitt. 
 Er ferdig med del tre,
og er komen godt i gang med del fire.

Eg angrar litt på at eg heklar delvis i alpakkagarn,
for mønsteret kjem ikkje så godt fram då.
Men no er det for seint, så det får bli som det blir.
Med 157 masker i breidda, vert ikkje teppet så stort,
men det er berre bra.
Greit å ha tepper/pledd i ulike str.
Det går bra fort å hekle dei ulike mønsterdelane,
 som kjem kvar veke,
så eg får og tid til å hekle på haustpleddet
 i bestemors-striper og.
Det er hekla i Daletta frå Dale.