Babyteppe nr. to av diverse restar i babyull er ferdig.
Det går fort å hekle desse små teppene
med dobbelt garn og tjukk krok.
***
Litt meir tid tar det å hekle eit sofapledd.
Likevel har eg starta på ikkje mindre enn to.
Her er det eine som er i lilla og gråtonar.
Vi er tre på jobben no som har begynt
å hekle pledd i Daletta frå Dale.
Eit lett og fint ullgarn.
Litt få fargar å velje mellom,
men elles eit supert garn til eit sånt prosjekt.
***
Eg har litt problem med kameraet mitt for tida.
Det er ute av stille, så bildet er ikkje så bra.
Viss fleire har lyst til å bli med,
kjem eit enkelt mønster her.
Sikksakk-pledd:
Legg opp ca. 235 luftmasker på krok nr. 5.
Du får nokre masker til overs,
men dei kan enkelt rekkjast opp etterpå.
Gå over til å bruke krok nr. 3,5 eller 4
alt etter om du heklar laust eller fast.
Hekle 1 stav i fjerde luftmaske frå kroken.
Hekle 10 stavar til i dei komande 10 lm.
Du skal ha 12 stavar i kvar ende av pleddet,
og 11 lm mellom kvar felling/auking.
(Dei tre første luftmaskene tel som ein stav).
Hopp over to luftmasker og hekle 11 stavar i dei komande 11 lm.
Hekle 2 luftmasker og 1stav til i den samme lm
som den siste av dei 11.
Hekle 10 lm i dei komande 10 luftmaskene.
Hald fram på denne måten til du har
19 fellingar og aukingar til saman og
10 spissar nedover.
Avslutt med 1 ekstra stav i lm nr. 11.
Snu med tre lm.
Variasjon:
På det eine pleddet mitt heklar eg 10 lm mellom
kvar felling/auking.
Då får du 11 spissar.
Pleddet blir ca. 115 cm i breidda.