01 desember 2014

1. desember

 Kvart år har eg planar om å blogge kvar dag i desember.
 Kanskje eg klarar det i år...
***
Det er alltid kjekt å finne fram denne kalendaren
 og henge den på ei grein i kjøkkenvindauget.
Har hatt den nokre år no, 
og hugsar kor koseleg det var å strikke desse små vottane.  
Alle med ulikt mønster.
No ligg dette mønsteret som gratismønster
på Dalegarn si nettside.

 Eg jobbar som lærar i barneskulen, 
og eit av faga eg har er kunst og handverk.
Veldig kjekt, men svært tidkrevjande fag,
 både med tanke på for-og etterarbeid.
Denne helga har eg førebudd eit lite syarbeid.   
Mønsteret fann eg på nettbutikken til Creativ company.

24 november 2014

Nissemor og nissefar

 Eg bestemte meg for at i år skulle eg gjere ferdig
dette søte nisseparet, 
som eg begynte på for over ti år sidan.  
Ein skikkeleg gamal ufo, med andre ord!
 Slik såg det ut.  
Mangla berre to armar, ei lue og ein sekk pluss
ein ganske stor monteringsjobb 
med mykje dill og putleri.
 Men no sit dei der heilt ferdige.
Mor strikkar og far passar på gåvesekken :)
Mønster:  Sandnes julehefte nr. 1, Julestrikk.
Garn:  Smart.

16 november 2014

Redesign

 Strikkar på ein genser til Minstemann for tida.  
Mønsteret er frå Dale sitt OL-kavalkadehefte.
Retrokolleksjon frå Arne & Carlos.  
Denne genseren er inspirert av Cortina-genseren frå1956.

Nydeleg haustver for tida.
Betre kan det ikkje bli i midten av november!

09 november 2014

Resteteppe

 Eg har hekla ferdig resteteppet mitt,
 som eg begynte på i sommar ein gong.
Det er hekla av små og store restar av fleirfarga tynt sokkegarn.
Veldig kjekt, enkelt og avslappande.
Eg har ikkje noko i mot å feste mange trådar,
og det var ein fordel på dette projektet :)
Teppet liknar litt på ei vevd fillerye.
Mønster:  Bestemorstriper inspirert av Attic 24.
Mål:  100x140 cm.
Vekt:  Ca 800 gram. 


02 november 2014

Trendy lue

Ufo nr. 4 er felt av og forevinga.
Hua er strikka etter dette gratismønsteret frå
Du Store Alpakka.
Blåfagen er nydeleg, synest eg.

01 november 2014

Babystrikk

Har fullført nokre fleire uferdige objekt.
Dette er Kjole til lillesøster  eller Little Sister's Dress 
av Tora Frøseth.
Gratismønster finst på både norsk, engelsk og fransk.
Link her.
Denne er strikka i Dale babyull.  Str. 6 mnd.
 Og så ein guttevest.
Det erViggos vest
av Lene Holme Samsøe.
Eg har strikka vesten i Mini Alpakka frå Sandnesgarn.
Synest garnet er veldig hårete, 
så kor godt det eignar seg til ein baby veit eg ikkje heilt.  
Viss eg skal strikke vesten igjen, skal eg i alle fall bruke eit anna garn.
Alpakka var ikkje så vanleg å bruke då mine barn var små,
så eg har ikkje så mykje erfaring med det til babyar....
 Fotomodell er pingvinen Olav,
 som blei med oss heim frå Akvariet i Bergen i haustferien.

Mønsteret er frå denne fine strikkeboka/strikkeheftet.

21 oktober 2014

Fru Terje Vigen

 Då har eg strikka ferdig Pulsvantene Fru Terje Vigen
som er designa av Pinneguri.
Eg har strikka mine i Hverdags (frå Du Store Alpakka) på pinne nr. 2,5.
Dei blei veldig gode :)

19 oktober 2014

Anitaz votter


Det har kome ut mange fine strikkebøker denne hausten.  
Eg har kjøpt to av dei.
Denne veka har eg strikka Anitaz votter 
frå Strikkesidas favoritter.
Eit godt skrive og artig mønster.
 Mine er strikka i Mitu på pinne nr. 3.  Brukte 65 gram.

09 oktober 2014

Haustferie




Fin dag på fjellet.

Restar av restar:
Har begynt å hekle haustlege oldemorsruter av smårestar 
etter dei to resteteppene eg har hekla i år.
Blei inspirert av siste nr. av Lev Landlig.

Kanten rundt


Eg har fått spørsmål om korleis eg heklar kanten rundt sjalet.


Det er sjølvsagt mange måtar å gjere det på.
Eg har gått ned eit halvt nr. i krok og
festar tråden i eit hjørne med ei kjedemaske.
Så heklar eg fire luftmasker,
heklar ei fastmaske i den første av dei fire luftmaskene,
festar "musetaggen" med ei fastmaske rundt kanten
slik at det blir passeleg avstand mellom "musetaggane".
Held fram med fire lm, fm i 1. lm, fm om kanten.


22 september 2014

Mønster på hekla sjal/tørkle

I vår hekla eg mange sjal av denne typen.
Det er veldig enkelt, og ein kan bruke alt slags garn 
og lage det stort eller lite.
Dette grå/kvite er hekla i det populære "klutegarnet",Elise.
Eit 100 grams nøste + einsfarga til kant rundt.
Krok nr. 4,5.
 Start med sju luftmasker.
 Hekle ein stav i 3. lm frå kroken.  Ei lm, ein stav, ei lm og ein stav.

Snu med fire lm.  Hekle stav i stav med ei lm mellom heile rada.
Avslutt med stav i 4. lm frå forrige omg. og dobbelstav i samme lm.
Dermed aukar du to stavar kvar omg.
Fortsett slik til sjalet er så stort som du vil ha det.
Eg har hekla ein picotkant rundt etterpå.

Haust

 Etter nokre haustveker med fantastisk sommarleg ver,
 merkast det at det er blitt kjølegare i lufta.
 Varmare klede må til, 
og det inspirerer til å strikke noko anna enn klutar.
Laurdag kom eg over nokre billege nøster Alpakka/Ull frå Sandnes.
Tenkte å strikke ei lue. Etter eit søk på Ravelry, 
kom eg over dette mønsteret til Litlo og Kalen.
Brukte litt over eit nøste.
Desse sokkane er strikka i Regia.  Mønsteret heiter Blueberry Waffel.
Norsk mønster her.
Eg har lagt opp 60 masker og strikka på pinne nr. 2,5.
 Desse klutane strikka/hekla eg for ei stund sidan. 
 Dei to øvste er strikka i det berømte Elise-garnet.
  Mønsteret er gratis på FB sida til Bitta Mikkelborg.  
Det heiter White Birch (hvit bjørk).
Den turkise kluten ( i Nova) er hekla etter C2C-mønsteret.
 Eg hekla etter mønsteret til Tove Fevang.
Den lilla kluten (i Fiol) er strikka frå hjørne til hjørne.
Mønster på desse to finst på bloggen til T. Fevang.

28 august 2014

Nytt teppe på gang

 Vekene går fort no på slutten av sommaren.
***
Sidan sist har vi vore ein snartur til Sørlandet på slektstreff,
 nr. tre har flytta heimanfrå
Rart å vere berre mor, far og eit barn (pluss ein stor hund) igjen i heimen.
***
 Minsten og eg har begynt på eit nytt skuleår.
 Eg har også begynt på eit nytt teppe. 
 Det er hekla etter Attic 24 sitt mønster, Granny Stripes.
Hekla dette i Daletta i fjor sommar. 
 Denne gongen brukar eg alle små og store restar av 
fleirfarga sokkegarn-restar. 
 Mest tynt strømpegarn.  
Artig å hekle -  kjekt å få brukt opp restane!

02 august 2014

Ribbon Afghan nr. 2.

 I dag blei eg ferdig med pledd nr. 2
 hekla etter dette mønsteret.
Har brukt single nøster og restegarn,
mest Smart, Pt 5 sport, Falk og Heilo.
Krok nr. 4.
 Pleddet er raskt, enkelt og kjekt å hekle.  
Det blir veldig varmt og godt, samtidig som det ikkje er for tungt.  
Så mønsteret kan anbefalast!