09 juli 2013
01 juli 2013
29 juni 2013
30 mai 2013
Rosa løpar
Eg har sydd ein veldig rosa løpar.
Dei fleste av desse stoffa har eg hatt i mange år.
Fem av dei fekk eg i gåve av ei kusine av mannen min,
som bur i New York.
Vi var på søskenbarntreff på Sørlandet i 2004,
og då kom ho med ei skoeske full av
Fat Quarters i alle regnbuens fargar.
Utruleg kjekk gåve å få!!
Eg er i utgangspunktet ikkje så sprek i fargevalet,
men det er kjekt å utfordre seg sjølv av og til!
Eg er i utgangspunktet ikkje så sprek i fargevalet,
men det er kjekt å utfordre seg sjølv av og til!
28 mai 2013
Nesten sommar
Nokre stemningsbilete frå hagen.
Vi har hatt mange fine dagar dei siste vekene.
Endeleg kom våren for fullt, og sommaren er like rundt hjørnet.
Eg har handla plantar og "Strikkefar" har fått dei i krukker.
Ikkje så mykje planting i bed denne sommaren på grunn av kvalpen vår :D
Litt garnslanking har det blitt.
Dette sjalet er hekla i eit litt grovt silkegarn.
Og teppet frå innlegget under er heilt ferdig.
Det er hekla i Finull og Pt 2, for det meste.
Rutene hekla eg for eit års tid sidan.
Greit å få dei hekla saman til eit teppe,
sjølv om også dette teppet eigentleg var tenkt å bli større.
Men betre lite og ferdig enn stort og uferdig!!
Men betre lite og ferdig enn stort og uferdig!!
19 mai 2013
Pinsehelga
Eg må innrømme eg er blitt litt smitta av linjaldilla eg og....
Før 17. mai fekk eg låne nokre "slipslinjalar"
(Circle wedge ruler).
Eg hadde besøk av Elin (Lappetausa), og vi prøva og feila.
Først begynte eg på ein svingete løpar
(som ikkje er ferdig enno).
Etterpå sydde eg denne enkle, superraske 17. mai løparen,
som kanskje kan brukast som ein litt maritim duk også ?
Kjekt å lage noko som blir ferdig på ein kveld
av og til.....
Litt gjenbruk blei det også.
Lukkekanten er sydd av ei gammal gardinkappe!
Vi har hatt nydeleg ver sidan 17. mai.
Særleg dei to siste dagane har det vore veldig varmt og flott ver.
Endeleg kom våren og vel så det!
Ufo-teppe nr. to er snart ferdig.
Dette pleddet er hekla i Finull og Pt 2 (for det meste).
Eg har hekla saman lappane,
hekla kant rundt og held no på å feste dei siste trådane.
Tok det med ut til naustet då vi var der
og beundra solnedgangen i halv ti-tida i kveld.
Max er blitt stor,
13 mai 2013
Hekla pledd
Eg har ein del halvferdige pledd liggande.
No har eg hekla saman desse oldemorsrutene
til eit kvadratisk pledd.
Pleddet skulle eigentleg bli ein del større,
men eg orka rett og slett ikkje meir.
Garnet var tynt og glatt og kroken liten.....
Men resultatet blei greit nok det.
Kjekt med pledd i ulike storleikar.
Neste gong eg skal hekle med tynn alpakka,
skal eg bruke dobbelt garn!!
***
Garn: Restar av Drops alpakka og DSA tynn alpakka.
Krok: nr. 3.
09 mai 2013
Oslotur
I slutten av april var eg ein liten tur til Oslo.
Hovudmålet for turen var konsert med Bruce Springsteen,
men det blei tid til eit lite besøk hos Kathrines Quiltestue også.
Dette er mitt første besøk på denne flotte butikken.
Eg såg på facebook om morgonen at butikken var stengt
til klokka tre på grunn av sjukdom.
Kjekt at den opna klokka tre i alle fall,
så eg fekk ein liten titt, før middag og konsert.
22 april 2013
21 april 2013
Kosedag hos Lappetausa
I går hadde eg ein skikkeleg kose-kuttedag heime hos Lappetausa.
Elin hadde lånt Gloppen Lappe & Quilteklubb si stoffkuttemaskin.
Utruleg raskt, enkelt og kjekt!
Her hjelper Elin sitt barnebarn, Aron, til med å sveive.
Elin sine "vannglass" i nydelege reprostoff.
Eg tok med meg nokre av mine eldste stoff inn til Elin,
og her er det eg kutta opp. Tumblers og trekantar.
Gler meg til å sy saman stoffbitane!
05 april 2013
Sjal og spisebrikker
Eg blir liksom aldri ferdig med å hekle desse sjala,
som er forma som ei halv bestemorsrute.
Dette er hekla av to nøster Faerytale. Mønster her.
Så har eg sydd to spisebrikker
etter eit gamalt AnnAKa mønster.
Max har mykje å studere på her ved elvebredden.
21 mars 2013
Pledd og påskeløpar
Det har blitt lite strikking den siste tida.
Begynte på eit restegarnpledd
a`la Arne og Carlos som eg
strikkar av diverse single garnnøster på pinne nr. 3,5.
Men det blei litt tungt i lengda,
så eg har tatt ei pause....
Synd, for det var veldig kjekt!!
Men eg har endeleg kome i gang med litt sying.
Har fått sydd denne vesle vårlege løparen.
Mønsteret er laga av Lise Bergene og står i Quiltemagasinet 2/2005.
03 mars 2013
Brennende Kjærlighet Votter
I slutten av januar meldte eg meg inn i Projo sin vottealong på facebook.
Eg er eigentleg ikkje noko along-menneske, så dette er min første strikkealong på nettet.
Eg kan ikkje ha noko press over meg når det gjeld strikking. Er ofte dårleg i muskulaturen og må gjere det som eg klarer der og då. Av og til er det hekling som fungerer og andre tider strikking. Det kan plutseleg bli stopp i å strikke på fem pinnar. Av og til er det best med tynne pinnar og av og til tjukke. På denne måten blir det mange halvferdige prosjekt rundt om kring. Men dei fleste småprosjekta blir ferdige til slutt. Strikkelysta og engasjementet er på topp, og eg har ikkje fått forbod av kiropraktoren min :D
Dette er januarvottane i Strikkealongen. Det er eit mønster av Jorid Lindvik og vottane er strikka i Finull frå lageret mitt. Vottane tova eg for hand i grønnsåpe. Kankje dei må ha ei runde i vaskemaskina og, får sjå.Denne nydelege buketten fekk mannen min for å ha jobba 25 år i samme firma. Muggen kjøpte eg av Ingun på Primula i fjor sommar!
Takk for dei positive kommentarane på restegarnteppet mitt. Så kjekt at så mange likte det!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)