Etter nokre haustveker med fantastisk sommarleg ver,
merkast det at det er blitt kjølegare i lufta.
Varmare klede må til,
og det inspirerer til å strikke noko anna enn klutar.
Laurdag kom eg over nokre billege nøster Alpakka/Ull frå Sandnes.
Tenkte å strikke ei lue. Etter eit søk på Ravelry,
kom eg over dette mønsteret til Litlo og Kalen.
Brukte litt over eit nøste.
Desse sokkane er strikka i Regia. Mønsteret heiter Blueberry Waffel.
Norsk mønster her.
Eg har lagt opp 60 masker og strikka på pinne nr. 2,5.
Desse klutane strikka/hekla eg for ei stund sidan.
Dei to øvste er strikka i det berømte Elise-garnet.
Mønsteret er gratis på FB sida til Bitta Mikkelborg.
Det heiter White Birch (hvit bjørk).
Den turkise kluten ( i Nova) er hekla etter C2C-mønsteret.
Eg hekla etter mønsteret til Tove Fevang.
Den lilla kluten (i Fiol) er strikka frå hjørne til hjørne.
Den lilla kluten (i Fiol) er strikka frå hjørne til hjørne.
Mønster på desse to finst på bloggen til T. Fevang.
5 kommentarer:
Her er det stor aktivitet, skjønner jeg. Så mye fint du har laget, og i de lekreste farger. Så får vi håpe på fine høstdager og farger i fortsettelsen!
Flotte strikkeplagg, ha en fin uke, klem fra Beth353
Fine produkt! I fine farger :)
Så mye fint :)
Så kjekt med nye innlegg frå deg. Takk for kjekke linkar og god framgangsmåte på heklesjal!
Legg inn en kommentar