På tide med eit livsteikn her på bloggen.
Eg hadde ikkje planlagt å ha ei så lang bloggpause,
men slik blei det.
Eg brukar stort sett berre I-pad på fritida,
og synest det er tungvindt å blogge frå den.
Har sysla med forskjellig handarbeid sidan sist.
Har mange prosjekt på gang, så då tar det si tid å bli ferdig.
Det som er ferdig er diverse klutar.
Eg har følgt med på to klutealongar på fb i sommar.
Mønstrene på klutane finst difor på bloggen til Tove Fevang,
og på fb-gruppa til Bitta Mikkelborg.
Bortsett frå desse gryteklutane til Ellens heklekrok.
Eit veldig kjekt mønster, som eg har brukt mykje.
Litt spesielle fargar denne gongen, men eg hadde noko
Milk&Honey garn som eg ville bruke opp.....
Eit veldig kjekt mønster, som eg har brukt mykje.
Litt spesielle fargar denne gongen, men eg hadde noko
Milk&Honey garn som eg ville bruke opp.....
Og dette velbrukte mønsteret der du strikkar
1 r, 1vr på ein pinne og rett på neste....
Dei tre siste her er Tove Fevang sine mønstre.
Årets ferietur gjekk til Parga i Hellas.
Ein liten og koseleg by nordvest på fastlandet.
Der hadde vi to flotte veker!
Budde på det kvite hotellet med rødt tak i framgrunnen.
Etter at vi kom heim har vi hatt nydeleg sommarver her på Vestlandet.
2 kommentarer:
Kjekt å sjå alle dei fine klutane og gryteklutane dine !
Fine bilder frå Parga !
Eg er også på FB og er med i Bittami si gruppe. Kjekt å strikke med bomullsgarn i varmen. :)
Her er mange fine klutar! Og Parga ser skjønt ut!
Legg inn en kommentar