19 november 2013

Tysk sjal

 På ei messe i oktober kjøpte eg to hesper med handfarga garn.
(tilsaman 100 gram).
Garnet kan også bestillast på nett her:  Textil studio
Eg har lenge hatt lyst til å strikke eit sjal som eg har sett på Ravelry.
Mønster på norsk:
Bruk to pinnar av ulik str. (ein tjukk og ein tynn).
Eg brukte 3 og 7 til dette tynne garnet.
Strikk annankvar omg. med tjukk og tynn pinne.
Alle omg.:  Auk i første maska ved å strikke i fremre og bakre ledd.
Strikk deretter 1 vridd rett og ein vrang til siste maske.  
Auk i siste maske på samme måte som første.
(Dvs. auk to masker kvar omg.)

Dei to sidene på sjalet blir ulike.
(Store masker på eine sida og små på den andre).
Veldig moro og enkelt å strikke. Sjalet blir lett og luftig.
Sjalet i bruk :)

9 kommentarer:

Birgitte sa...

Fint sjal i morsom teknikk! Likte variasjonene i garnet ditt:)

Timotei sa...

Så spennende teknikk! Sjalet ble kjempefint :)

Elin sa...

Veldig fint!

ANNEPÅLANDET sa...

Fiffig! Det ble flott! Fikk lyst til å prøve teknikken.

Besta sa...

Dette får eg lyst å strikke, men det må vere til etter jul. FØR jul strikkar eg berre lestar.
Men eg er veldig glad i å ha noko varmt rundt halsen, så eg trur eg må til Eid og kjøpe garn, her er ikkje utvalet SÅ stort.

tantemaraj sa...

Så artig med tynn og tykk pinne samtidig!! Resultatet ser spennende og flott ut:)

Snuppesnella sa...

Oi. Det var fint ! Må prøve teknikken ein gong.
Takk for inspirasjonen !

Hannesol sa...

Næ så fint! Det fikk jeg også lyst til å prøve, men etter jul engang tror jeg. Takk for tips :)

Unknown sa...

Dette er morsomt. Lager det med multifarget garn. tror det blir julegave til noen. Hvilke mål har du på ferdig sjal ?