I går var eg på kjekk blåtur saman med
Nordfjord Lappe & Quilteklubb.
Vi enda opp på Doktorgarden i Selje.
Der venta Ati (som har flytta til Selje frå Nederland) på oss.
Ho viste fram og fortalde om quiltane sine.
Ati har sydd eit stort og flott teppe i teknikken Crazy-quilt.
Heile teppet er nydeleg brodert for hand.
Etter "foredraget" fekk vi herleg krema fiskesuppe,
kaffi og sviskekake.
Bileta som er utstilt i kjellaren for tida,
er alle måla av Finn Egil Eide.
Det var høve til å sjå seg rundt i heile huset.
På loftet var det overnattingsmogelegheiter.
Alle romma hadde sin stil og farge.
Artig å sjå kva litt tekstilar kan gjere med eit rom!
3 kommentarer:
Dette ser fantastisk ut. Kjekt at du blei med på turen!
Detta så veldig stilig ut. Kjekt å bli dratt med på slike utflukter.
Så ut som en herlig tur.
Klem Tone
Legg inn en kommentar