29 juli 2008

Det går i hekling...

Eg har begynt på sommarsjalet, Noe Noa, som Bente B har laga mønster til. Prøver ut eit nytt garn som er laga av melk. Det er utruleg mjukt og kjempegodt å hekle med.
Eg er også godt i gang med Eva's sjal. Dette heklar eg i Silke-tweed frå Garnstudio. Eg hadde litt problem med det engelske mønsteret i begynnelsen, og måtte få hjelp av Lappetausa nok ein gong. Men når ein først kjem i gang, er det kjempeenkelt.... Blei inspirert her og her.

2 kommentarer:

Elin sa...

Neste innlegg kom innan eitt minutt, hehe.... Dette ser veldig bra ut! Ta med deg heklet og kom på besøk, eg er billaus i dag.

Besta sa...

Heklegarn av melk? Det må vel vere noko for Lille Mø ...eller kanskje ikkje?
Kan ein ete det ferdige produktet viss ein ikkje likar det?
Les bloggen din kvar dag og ser på dei fine bilda.Likar å sjå bilde frå Eid, veit du.