08 mai 2008

Frigjeringsdagen og KV-Tor

I dag var alle dei eldste elevane ved skulen der eg jobbar ombord i det nye kystvaktfartyet til KNM. Fartyet heiter KV-Tor og er berre 5 mnd. gammalt. Inni var alt nytt og fint. Elevane blei imponert over at mannskapet hadde eit eige rom til Playstation og trimrom. Elles var det spanande med kanon og kikkert! Kystvaktfartyet har base på Haakonsvern i Bergen og er i teneste langs kysten frå Egersund til Stadt.
Vi har hatt ein nydeleg dag i dag, varmt og fint! Måtte det berre vare.....

5 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt for både elevar og lærarar å sjå og lære noko nytt. At gutar i alle aldrar må ha Playstation, forundrar ikke meg.

Elin sa...

Vi er ikkje begynt med Playstation, men vi har no berre ein stor gut i familien... Men vi held no på med mykje anna sprøtt...hehe...

Anonym sa...

Svein var ned og såg på båten. Han trur det er ein ombygd supplybåt. Eg såg han på avstand, veldig fin.
Gastane marsjerte forresten tur i Alleen ei stund etter at de hadde gått der med elevane, eit fin syn det også. Mamsen

Mallemor sa...

Eg var på Håkonsvern forrige helg og såg dette fartøyet og en haug andre,men vi fekk dessverre ikkje sjå innom dei ,og slett ikkje ta bilder. Då hadde eg risikert å bli arrestert av min egen son som har ansvar og opplæring for sikkerhet og vakthald.

Anonym sa...

Saknar bilde av gastane! Har høyrt frå sikre kjelder at desse både var solbrune og muskuløse:-P Kunne vel her ha fortalt om då eg var inne i Madlaleiren på nachspiel, men er vel best å halde stilt om det ja...:-D
GåseVåse