


Min "bedre" halvdel var på blomsterhandel i dag. Må innrømme at det er han som gjer alt arbeidet i hagen. Eg har ikkje grønne fingrar (og har dessutan andre ting å henge fingrane i.....)
“Ville hedre noen fordi de lyser opp hverdagen min, jeg lagde dette og send gjerne videre!! KLEMDenne blomsten med disse ordene gir jeg til mine 10 som gjør dagen min bedre!!”
Det ser ut til at dataproblema mine er over for denne gong. Eg fekk god hjelp av nevøen min, Kristoffer, i dag - så no er det på'an igjen!
Det har vore nydeleg ver denne helga, og vi har vore ute nesten heile tida. Vi har hatt bål og spidda pølser både fredag og laurdag. Laurdagskvelden blei det litt dramatikk også, då Don og Wendy rømte frå sommarbeitet sitt. Men det gjekk bra til slutt. Over føl Viktor (som eg er "tante" til) med på det heile frå sidelinja. Under Don før han rømte. Det må nok straumgjerde til, var konklusjonen.
I dag var alle dei eldste elevane ved skulen der eg jobbar ombord i det nye kystvaktfartyet til KNM. Fartyet heiter KV-Tor og er berre 5 mnd. gammalt. Inni var alt nytt og fint. Elevane blei imponert over at mannskapet hadde eit eige rom til Playstation og trimrom. Elles var det spanande med kanon og kikkert! Kystvaktfartyet har base på Haakonsvern i Bergen og er i teneste langs kysten frå Egersund til Stadt.
Dette er eit av dei mange måsepara som har kome tilbake for å hekke her langs elva. Pussig at dei kjem tilbake til samme hekkeplassen kvart år, og at dei held seg til den samme partnaren heile livet!! Førebels er dei ganske avslappa og fredelege, men når dei har egg og ungar å passe på, kan det gå ganske livleg føre seg her! Men dette er trass alt ein naturleg hekkeplass for fiskemåsen, så vi får vel finne oss i litt skriking.....
Alle gode ting er tre, og dette er mitt tredje innlegg i dag!! I helga sydde eg denne nåleputa som eg fann mønster på i eit amerikansk blad ("Quilts and More, spring 2008" frå Better Homes and Garden). I bladet står det at den er Quick-to-Make, men eg synest no det var litt arbeid å klippe ut 16 delar til blad og 8 delar pluss topp og botn til nåleputa. Sy alt saman, vrenge pluss pluss. Nåleputa blei større enn kva eg hadde trudd, så der er god plass til masse knappenåler og synåler! Einaste endring eg gjorde var å sy på eit blått band. Det kvikka litt opp, synest eg.
I dag har eg hatt fri frå jobben og har for det meste berre sløva. Men noko må ein gjere på når ein sløvar og. Eg fekk montert ferdig den lilla sommarjakka, herleg!
Her er jakkene som eg strikkar på for tida. Den lilla begynte eg på i fjor sommar og er omsider nesten ferdig. Manglar berre ei halv arm. Eigentleg ganske enkel og rask å strikke, men blei av ein eller annan grunn liggande uferdig.........