09 august 2007

Bølgeteppet

Bølgeteppet mitt har vore ferdig ei stund no, men det tok si tid å feste alle trådane! Eg tenkte eigentleg at eg skulle hekle ein kant rundt, men det har eg slått i frå meg inntil vidare! Teppet er supert å bruke som sengeteppe. Det er akkurat passe stort (ca. 220 cm langt) og passeleg tungt til at det ligg stødig! Det er sonen min på snart 12, som har fått æren av å ha det på senga si. I byrjinga skjøna han ikkje heilt poenget. Han har ikkje hatt sengeteppe før, men no går det betre! I dag blei eg litt rørt då eg kika inn på rommet hans og såg at han hadde lagt teppet på plass sjølv.....

6 kommentarer:

Marie sa...

Nydeleg teppe! Fine fargar! Du er flink :o)

Two sa...

Så nydeleg det vart! Då er det klart for teppe nr 2, syns du bør lage 4 eg sidan det går så fort, og så får gutane dine kvar sitt!

Anonym sa...

Oi, det var nydelig. Du er jammen flink.

LilleMø sa...

Kan skrive under på at det er eit flott teppe!

Anonym sa...

Kjempefint bølgeteppe! Kan tenke meg det var litt av en jobb å feste trådene ja... men når resultatet blir sånn så er det jo verdt det, ikke sant? Hvordan går det med den lilla jakka di? Jeg har strikket i rosa, og har igjen monteringen. Kjekt mønster å strikke!

Anonym sa...

for eit nydelegteppe, Hilde!
heldig han som fårha det på senga si!
jorunn