03 juli 2007

"Aften rød....."

Der er eit gamalt ordtak som seier noko slikt som "Aften rød gjør morgen blød". Hugsar eg rett? Ordtaket stemde i dag i alle fall. Litt gråver og småregn er det ute....
Eg tok dette bildet litt før midnatt i går. Det var lysare då enn kva det ser ut til på bildet. Eg har ikkje sett meg inn i alle finessane ved kameraet mitt, det er nok difor. Er ikkje så glad i å studere bruksanvisningar for tekniske ting, kjekkare å få det forklart etter kvart som ein har bruk for det....

2 kommentarer:

Elin sa...

For eit nydeleg bilde. Eg naut himmelen sjølv i gårkveld, han blei raudare og raudare bak Lotsfjella.

Ingrid sa...

De va ett nydli fint bilde ! :D