Eg har strikka ferdig desse fargerike vottane som eg begynte på i vinter ein gong. Det gjekk veldig fort på tjukke pinnar. Har brukt Heilo og Popcorn frå Dale. Mønter i hefte nr. 179. Eg tenket at eg ikkje skulle vere pingle, så eg tova dei på eit vanleg langtidsprogram i vaskemaskina saman med ei dongeribukse. Men då blei dei faktisk litt for små for meg, sjølv etter strekking og forming. Så då blir det nok julegåve i staden for.......
30 juli 2007
29 juli 2007
Vesle Rosa kom heim.....
Dette er den siste kattungen vår, Rosa. Nokre dagar før vi reiste på ferie forsvann ho, og vi rekna med at vi ikkje kom til å sjå henne igjen. Men ho dukka opp på nabogarden, og no er ho vel heime igjen! Koseleg det, men kattemora vil ikkje vite av henne, så no håpar vi at vi finn ein ny heim til henne.....
27 juli 2007
Å, Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik.....
26 juli 2007
Late dagar.....
I går var Lappetausa og eg på kosetur til Volda og Ørsta. Favorittbutikken vår der er Nettstrikk. Der er det mykje fint garn, flotte modellar og veldig god sørvis! Eg likte godt nokre lestar som var utstilt og til sals i butikken. Eg fekk kjøpt eit mønster og sette i gang straks eg kom heim. Hugsa etterkvart at å strikke lestar i stivt "gamaldags"- lestegarn ikkje er det beste for ryggen og skuldrane mine, så eg angra litt på garnvalet, men gode og varme blir dei nok!
22 juli 2007
Fangsten min!
Det er alltid spanande å sjå innom hobbybutikkar når ein er ute og reiser! Garnet kjøpte eg i Åre i Sverige. Dama på butikken meinte det var sokkegarn, men eg trur eg vil bruke det til noko anna... Ikkje noko namn på garnet, men det er melert og minner meg litt om Evilla. 60 kr for ca. 100 gram.....
Ferietur til Nord-Norge
Eg er nettopp komen heim frå ein flott tur til Mosjøen og Herøyholmen i Nordland og Lycksele, Ørnskøldsvik og Åre i Sverige! Nord-Norge er jo den delen av Norge som har hatt finast ver i sommar, og vi hadde stort sett fint ver både der og i Sverige. Svigerinna mi kjem frå Herøyholmen, og vi var så heldige å få tilbringe ei helg i barndomsheimen hennar! fantastisk flott natur!
09 juli 2007
Strømper i Online
På setra
04 juli 2007
Hekla veske i Pt Sumatra
No kan eg endeleg vise fram noko som er ferdig! Denne veska hekla eg sist veke då eg var på Hamar. Eg kjøpte garn og mønster på Nettstrikk i Volda i mai. Byrja på botnen like etter, men fekk det ikkje heilt til. Men på Hamarturen fekk eg hjelp av systra mi, som er litt meir inne i hekling enn kva eg er. Eg klarte til og med å overtale henne til å hekle samme veska sjølv, i litt andre fargar.... Vel, eg blei i alle fall veldig fornøgd med veska! Kjem kanskje til å hekle fleire, men kanskje eg då heklar i Muskat.
H
O
P
P
I
N
G
B
A
G
03 juli 2007
"Aften rød....."
Der er eit gamalt ordtak som seier noko slikt som "Aften rød gjør morgen blød". Hugsar eg rett? Ordtaket stemde i dag i alle fall. Litt gråver og småregn er det ute....
Eg tok dette bildet litt før midnatt i går. Det var lysare då enn kva det ser ut til på bildet. Eg har ikkje sett meg inn i alle finessane ved kameraet mitt, det er nok difor. Er ikkje så glad i å studere bruksanvisningar for tekniske ting, kjekkare å få det forklart etter kvart som ein har bruk for det....
Eg tok dette bildet litt før midnatt i går. Det var lysare då enn kva det ser ut til på bildet. Eg har ikkje sett meg inn i alle finessane ved kameraet mitt, det er nok difor. Er ikkje så glad i å studere bruksanvisningar for tekniske ting, kjekkare å få det forklart etter kvart som ein har bruk for det....
Abonner på:
Innlegg (Atom)