10 oktober 2015

Veskekurv igjen

Veskekurven var så kjekk å sy,
at eg har sydd ei til.
Denne gong i eit haustleg stoff.

09 oktober 2015

Samsying i haustferien

 Det blei litt sying i dag også.
Her er resultatet av samsyinga
Elin og eg har hatt i to dagar.
Ikkje verst (for å vere oss i alle fall..),
å få to ferdige produkt kvar.
Begge desse tinga har vi hatt lyst til å sy ei stund.

 I dag sydde vi What's in your bag?  
Eit mønster frå Stitchin' Sisters.

Ein kjekk liten sak til oppbevaring av diverse.
Vi lærte litt undervegs her.

Veskekurven

 Det er haustferie og eg har besøk av Elin (Lappetausa).
I går sydde vi den populære veskekurven frå Ryum quilt.
Så enkel og kjekk å sy,
 og så praktisk i bruk!

07 oktober 2015

Spice of Life part 3


 Framgang på Spice of Life-teppet mitt. 
 Er ferdig med del tre,
og er komen godt i gang med del fire.

Eg angrar litt på at eg heklar delvis i alpakkagarn,
for mønsteret kjem ikkje godt fram då.
Men no er det for seint, så det får bli som det blir.
Med 157 masker i breidda, vert ikkje teppet så stort,
men det er berre bra.
Greit å ha tepper/pledd i ulike str.
Det går bra fort å hekle dei ulike mønsterdelane,
 som kjem kvar veke,
så eg får og tid til å hekle på haustpleddet
 i bestemors-striper og.
Det er hekla i Daletta frå Dale.

28 september 2015

Spice of life

Eg har blitt med på denne "samheklinga" på fb.
Sjå link-knapp til høgre på sida mi.
Det skal bli eit lite teppe.
Eg heklar i Daletta (Dale) og Alpa (Europris),
så det blir eit lett teppe i ull, alpakka og akryl.

05 september 2015

Klut i to fargar

Ein ny klut er komen på pinnane.
Også denne er frå det nye kluteheftet til Sandnesgarn.
Kjekt og enkelt mønster!
Minnar litt om Ballband Dishcloth, berre enklare.
Eg strikkar i bomullsgarnet til Søstrene Grene.
Garnet er billig, og kvaliteten ser ut til å vere deretter.  
Det loar ein del under strikking i alle fall.
Eg abbonerer på Lev Landlig
eit veldig kjekt og inspirerande blad.
Denne gongen er der mønster på teppe og pute 
i enkel rillestrikk.  
Supert til restegarn!
Sidan eg har laga meg ny heading og har korga med på bildet, 
får eg reklamere litt for den og.
Korga har eg kjøpt hos Ingun på Primula Design.

03 september 2015

Strikkegenserar i bruk

 Nokre bilde av Line-genseren min etter vask.
Ermane var litt trange og korte før vask,
men blei heilt passelege etterpå.
Reknar med at genseren vil sige og utvide seg i bruk.
Har sett at folk har ulike erfaringar med dette garnet.
Genseren er i alle fall tatt i bruk
og er grei å ha på denne årstida!
                                             Den andre genseren eg strikka i sommar,
og som eg skreiv om her.
       var fin å ha med på kveldstur til Briksdalsbreen i juli.
                                        Isbreen hadde minka ein god del sidan sist eg var her.                                                                                  

31 august 2015

Sommarstrikk del 2

Genser med lange masker i Line
 Denne genseren, som er strikka i Line frå Sandnesgarn,
monterete eg ferdig i helga.
 Eg måtte ha eit bilde før genseren blei putta i vaskemaksina,
 så Minstemann blei overtalt til å vere fotograf.
Genseren var ikkje særleg morosam å strikke,
 monteringa var pyton, 
men resultatet blei mykje betre enn forventa.
Så denne skal nok bli brukt!
Endringar:  Eg gjekk ned eit halvt nr. i pinnestr.  sidan eg strikkar litt laust.
Hekla ein omg. med krepsemasker i halsen, 
sidan den blei litt vel laus.

Så eit sokkepar til herre strikka av tynt sokkegarn lagt dobbelt.
Restar frå lageret :)

Sommarstrikk Del 1


Siste sommardagen er komen, 
og det er vel på tide å vise fram det eg strikka i sommar.  
Eg "måtte" rett og slett strikke ferdig to
prosjekt frå i fjor.

 Denne toppen er strikka i Vipe frå Dale.
Den blei fin og passeleg,
 men den er litt vanskeleg å bruke.
På fine sommardagar, blir den nemleg for varm :)
Så eg får prøve å sjå om det går an å bruke den om hausten
med jakke over.

Så blei det ein liten Dominoklut frå dette heftet.

20 august 2015

Retro/haustleg trekantpute

Det har blitt lite blogging på meg i sommar, 
sjølv om eg har strikka jamt og trutt.
Hekling har eg ikkje halde på med før no i august.
Plutseleg blei eg veldig motivert til å hekle 

Fargevalet er ganske impulsivt,
 og alt garnet er frå restekassa.
(Bortsett frå det lilla)
Eg har blanda superwash og ubehandla ull.
Dette var eit veldig kjekt prosjekt!!
Så eg kjem sikkert til å hekle etter dette mønsteret fleire gongar.
Då skal eg hekle litt fastare, for det blei litt "grese"  
etter at eg pressa inn innerputa på 45x45 cm.
Baksida.

Strikketøyet er sjølvsagt med på fjelltur!

10 juli 2015

Modifisert Line Langmo-genser

 Dette var eit kjekt og raskt sommarprosjekt.
  Eg brukte vel ei veke på denne genseren, 
som er strikka i dobbel Faerytail på pinne nr. 7.
Den kan brukast både på retta og vranga.

 Genseren er strikka etter mønsteret til Line Langmo, 
men med raglanfelling.
Endringar:
La opp 124 masker på bolen.
  Strikka den litt lengre enn originalen.
 (Ein omgang ekstra pr. stripe).
La opp 24 m. på ermane og auka ut til totalt 57 m.
Felte 7 m under ermane og på ermane.
14 raglanfellingar.
 Her er genseren på vranga.
***
Ideen til raglanfellinga, garn og pinnar
og hjelp undervegs fekk eg av
 Reidun Strand som driv Eid Miljø.
Ho har strikka modellen under. 
 Den er utstilt i butikken hennar.
Genseren hennar er litt mindre enn min.

25 juni 2015

Pute og klutar

Eg har ein del hekla umonterte puter liggande.   
I kveld fekk eg sydd bakstykke til denne.
Det blei på enklaste måten, 
ei gammal gutteskjorte med ferdig knappestolpe.
Men sjølv dei enklaste ting skal gjerast.
Så no håper eg at eg er i gang igjen,
etter ein lang periode med "sysperre".

 Elles har eg strikka nokre få klutar.  
To av dei er frå gratismønstrene som Bitta Mikkelborg
 legg ut kvar fredag på facebook-sida si.


 Den siste her er strikka med dobbel Mandarin Petit.  
Trur det var 40 m på pinne nr. 4,5.
Ein omg. 1 r og 1 vr.  Og ein omgang rett.

Jonsokbål.

13 juni 2015

Hekla sekskantar

Eg fekk lyst til å prøve å hekle sekskantar i staden for kvadrat.  
Fann eit kjekt gratismønster som heiter Weekender blanket.  
Her heklar ein saman sekskantane etter kvart. 
Det var veldig artig, men eg syntest det var greit å avslutte
då arbeidet var stort nok til å kunne brukast som løpar.
Har brukt restar av Mandarin Petit frå Sandnes.

Elles har eg hekla eit sjal i silke og alpakka.  

23 mai 2015

Hekla løpar

 Har hekla ein løpar i Pelini frå Pt.
Fann mønster på denne i eit Pt (nr. 120) julehefte.
Kjekk, rask og enkel løpar, som eg sikkert kjem til å hekle fleire av.
 Men då skal eg hekle midtpartiet med ein mindre krok, 
slik at det blir fastare. 
 Brukte litt over 100 gram.


Har rekt opp og begynt på nytt på denne Fana-kofta.  
Første forsøk i L såg veldig stort ut, så no prøver eg M.  

God Pinse til de som ser innom her!