18 april 2015

Vårlege heklerier


Er i heklemodus for tida.
Heklar på to putetrekk i Mandarin Petit.
Planen er å ha dongerilappar på baksidene.

11 april 2015

Lev Landlig-koften


 Lev Landlig-koften er ferdig!!
  Eg var flink til å halde meg til dette prosjektet,
 og kofta blei ferdig forbausande fort for å vere meg.  
I bladet er den strikka i Tove frå Sandnes. 
 Det fekk eg ikkje tak i her eg bur, så eg strikka mi i Pt2. 
Eg plukka ut fargar som eg syntest likna på fargane i bladet.  
Trur ikkje det blei så veldig ulikt. 
 Eg strikka den ein størrelse mindre enn eg brukar,
 og det var bra, for den blei meir enn stor nok.
Det var uvant og treigt å strikke stjerneborda
med tre fargar på kvar omgang,
men då den var ferdig, gjekk resten fort og greit.
Jakka er strikka ovanfrå og ned.
Det er mykje betre for muskulaturen
 å strikke med ull som ikkje er superwashbehandla!
Har vaska den i vaskemaskin (ullvask 30 grader),
og det gjekk heilt fint.

03 april 2015

Molly hals

 Eg kjøpte garn og mønster som kit tidlegare i år.
No er halsen ferdig.  Garnet er Huldra kamgarn i ein bleikgul farge.
Tynt garn, tjukke pinnar og enkelt mønster. 
Eit raskt prosjekt med andre ord.
Mønster/garn kan kjøpast her.
 Elles har eg jobba med denne kofta i februar/mars.  
Den er snart ferdig no.  
Berre monteringa gjenstår.......
 Ønsker alle som er innom her, ei fortsatt god påske!

16 februar 2015

Hekla sjal

 Eg har ufrivillig strikkepause for tida,
 på grunn ei vond arm. 
 Men det går heldigvis greit å hekle.
Dette garnet har eg hatt liggande ei stund, 
så det var fint å få bruke det til noko.
Det heiter regia merino angora og finst i nydelege fargar.
Eg er spent på korleis det vil halde seg i bruk.
Har på følelsen at det vil nuppe seg.
Mønsteret heiter Ruth. (Ravelry link).
Det startar som ei halv oldemorsrute,
 men så fell og aukar ein på ei side av gangen etter ei stund.
Då får du eit sjal som blir meir som eit skjerf, smart!
200 gram og heklekrok nr. 4.

Dette sjalet er hekla etter denne framgangsmåten og 
med denne kanten rundt.
Garnet er Silk Mohair frå Sandnesgarn.  
Eit nøste.

02 februar 2015

Meir rillestrikk

Denne halsen har vore ferdig lenge,
 men ikkje vist fram her før. 
Den har mangla pynt,
 noko den har fått no i form av ein perlemorsknapp. 
Eg strikka ein i 2010 og.  Blogginnlegg her.
Halsen er strikka i dobbel Puno melange frå Rauma.
Pulsvantane er frå den nye boka til Kristin Wiola Ødegård.
Dei er strikka i finull og alpakka frå lageret.
Fin og god garnkombinasjon.
I boka er det brodert kryss til pynt.

skriv ofte om ull i bruk.
Her kjem eit bidrag frå meg og søndagsturen i går.
Minstemann i hue frå 2010.  
Den har vore mykje brukt, både av han og andre.
Har skrive om den før her.
Eg har hue i Hexa frå i fjor og vottar frå 2013.
Veldig god hue og vottane er både tynne og varme.
Sjå blogginnlegg her og her.
På eit av Noregs tak.  Utsikt over fjord og fjell på Vestlandet.

26 januar 2015

Lilla sjal



Viss ein ikkje har lyst eller orkar å strikke ein heil Skappelgenser,
kan det vere ein ide å strikke eit sjal eller skjerf.
Etter at genseren min var ferdig,
fann eg litt restegarn på loftet
 og strikka eit lite, mjukt sjal på rekordtid.
Hadde det ikkje vore for at eg blir litt dårleg i armar og skuldrar 
av å strikke for mykje med tjukke pinnar, 
skulle eg ha masseprodusert sånne, 
for der er nok av garn å ta av,
og sjalet blei heilt herleg :)
***
Under fotoseansen kom hunden vår, Max, 
og sette seg midt i vegen.
Han trudde visst det var noko spanande på gang ute ....

 Sjalet er strikka med to trådar saman.
 Eg har brukt Kitten Mohair i ulike fargar saman med ein tråd av 
eit silk/mohair garn som anten er frå Sandnes eller Rauma.
Pinne nr. 6.
Eg la opp tre masker. 
Auka ei maske innanfor dei tre ytterste maskene på kvar pinne.
Då blir det ein fin kant, synest eg.
Aukar altså berre i ei side på kvar omgang, 
og ved å plukke opp tråden mellom to masker og strikke den vridd rett.

24 januar 2015

Skappelgenser

Det nye året startar godt med hensyn til å gjere ferdig uferdige prosjekt.  No har eg strikka ferdig ein Skappelgenser, som eg begynte på for eit eller to år sidan. Den er strikka i ein tråd Alpakka og ein tråd Silk Mohair frå Sandnes.  Alpakkagarnet hadde eg frå før, kjøpt på sal ein gong.  Eg tenkte at det ville bli for tjukt med Faerytale, når alpakkagarnet var tjukkare enn det som vanlegvis blei brukt til denne genseren. Difor blei det Silk Mohair.  Eg ville ikkje ha genseren så frykteleg oversized, så eg la opp nokre masker mindre enn mønsteret sa og strikka den på pinne nr. 6 i staden for 7. Undervegs mista eg trua på prosjektet og genseren blei liggande.  Trudde blant anna at den kom til å bli for liten.  Men den voks ganske mykje etter vask og blei ikkje så verst passeleg.  På grunn av at den vart ein del vidare etter vask, blei ermane ganske lange. Men eg trur ikkje eg gjer noko med det, førebels i alle fall. Dei kan brettast opp.  Eg blei fornøgd med vidda oppe på ermane.  Der auka eg ut slik at eg hadde seks masker meir enn det skulle vere etter mønsteret.

17 januar 2015

Sinnasaujakka

 Eg har hatt ei lang bloggpause.  Heilt sidan julafta, ser eg. 
 Må innrømme at eg var litt i tvil
 om eg skulle fortsetje med bloggen eit år til.  
I februar er det åtte år sidan eg begynte, 
så det begynner å bli nokre år.
Men det er ikkje så lett å slutte heller. 
 Har mykje glede av å sjå på andre sine bloggar,
sjølv om eg ikkje alltid er så flink til å kommentere lenger.

Årets første ferdige prosjekt er Sinnasaujakka.
Denne begynte eg på for ganske lenge sidan.  
Eit kjekt prosjekt, sjølv om det tok litt tid.
Jakka er strikka ovanfrå og ned. 
 Mykje prøving undervegs,
så den er ganske "skreddersydd".
***
Den er strikka i Kauni og veg ca. 350 gram.
Har brukt både fleirfarga (lilla/grå) og 
einsfarga (naturkvit og svart) Kauni.
Eg likte best den fleirfarga.  
Den svarte syntest eg var tynn og sleit lett. 
 Håper den ikkje blir slitt med ein gong i bruk....
Det er Pinneguri som har laga dette populære og fine mønsteret.

24 desember 2014

24. desember


23 desember 2014

23. desember

"Stjerne over Island"
 Eg blei ferdig med sokkane "Stjerne over Island"  i siste liten.
Det er Bitta Mikkelborg som har laga dette mønsteret.
Mine er strikka i Mellanraggi frå Jærbo
Det gjekk med 115 gram.
Sidan eg ikkje strikkar spesielt fast,
blei dei litt store i størrelsen. (Ca. str.  39-42).
Det vart ikkje tid til vasking eller damping.
Sokkane blei pakka inn med det same trådane var festa i dag tidleg.

22 desember 2014

22. desember


Her er det vesle sjalet ferdig.  
Det er strikka med to trådar -
ein tynn tråd med paljettar og eit tynt mohairgarn (anisa).
Pinne nr. 5,5.
Starta med tre masker 
og auka etter dei tre første maskene på kvar omgang, 
ved plukke opp tråden  imellom og strikke den vridd rett.
(Ide og mønster :  En rød tråd.  Lokal garnbutikk).
 Freistande å behalde dette sjølv, 
men eg har allereie to i andre fargar...
(Sjølvportrett:  Ser litt sliten ut, 
men det er tatt siste skuledagen før jul :D)
 Minstemann har perla julegåver.

21 desember 2014

19., 20. og 21. desember


 Fekk litt garn igjen etter lua eg strikka.
Det var akkurat nok til ni hekla hjarter.


18 desember 2014

18. desember


Eg har strikka ei enkel men artig lue i Perfect frå Sandnesgarn.

17 desember 2014

17. desember

 I dag fyller son nr. to 24 år.  
Vi har feira dagen med middag og kaffi/kake på kafe.
Fint med ei sånn enkel feiring for ein gongs skuld.
Eg er i selbumodus for tida.
Har lyst til å strikke både selbuvottar og panneband.
Får sjå om det blir. 
 Av og til kjøper eg mønster, garn (eller stoff) til eit prosjekt, 
men begynner på noko heilt anna,
Veit ikkje om eg er åleine om å ha det slik?
 Desse mønstrene er frå boka Selbu strikkebok som kom ut no i haust.
Det garnet som stort sett er brukt her,
er Rauma gammelserie.
Anbefaler desse karbonpinnane frå KnitPro.  Dei er kjempegode!