22 september 2012

Varmt til halsen

Eg har fullført nokre småprosjekt, 
 og i dag passa det fint å ha fotoseanse ute i det
nydelege haustveret.
Dette skjerfet begynte eg på for nesten eit år sidan.
No er det endeleg ferdig.
Tynt, mjukt og lekkert!
Det er strikka i Alpaca Silk frå Rauma.


Denne halsen er strikka i eit av favorittgarna mine
Faerytale frå DSA.
Eg likar godt mønstrene til Marte Helgetun.  
Dei er enkle men utruleg fine og praktiske!
Fargen er gråbrun.
Eg sjekka strikkefastheten min etter å ha strikka eit stykke,
 og fann ut at halsen blei litt for vid. 
 Difor felte eg først fire masker og litt seinare to masker til 
for å få rette måla.  
Skulle sikkert ha gått ned ein halv str. på rundpinnen, 
slik eg ofte må....


                                                        Dette er ein skikkeleg hausthals.
Den er strikka i Drops Delight.

             Dette sjalet er hekla i Tynn alpakka frå DSA.
Det var raskt å hekle, 
men det tok mykje tid å klippe opp og feste på frynsene ....

               

10 september 2012

Riga

På jobben til mannen min er dei flinke til å arrangere turar og sosiale samankomstar. Denne helga var dei som hadde høve til det (+ følge) i Riga. Vi hadde ein veldig kjekk tur! Her er hobbybildene mine frå turen. Fann ein fin butikk som også selde litt garn.  Betalte ca. 200 kr. for desse 12 100 grams nøstene.  Garnet liknar på Kauni.

03 september 2012

Hitchhiker

Eg har strikka mitt første Hitchhiker- skjerf. Bloggar frå i-Paden for tida og har ikkje lært meg å lage link. Men dei fleste som er på Ravelry kjenner vel godt til dette populære skjerfet og har strikka både eit og to.... Kjem nok til å strikke fleire eg også. Kjekt mønster! Mitt er strikka av 100 gram Fantasy frå Sandnes.  Dette  garnet skal visst gå ut no, og er difor på sal.

27 august 2012

Haustnytt

Har fått nøsta opp nytt garn og kjøpt nokre nye strikkeblad, så no skulle alt ligge til rette for avslappande stunder i haustmånedane som ligg framfor oss. Må berre gjere ferdig ein del halvferdige prosjekt først......

26 august 2012

Drop City

Har stikka eit lite Drop City-skjerf.
Brukte ca. 70 gram Fame Trend frå Marks & Kattens.


12 august 2012

Pyntesokker

Eg har gjort ferdig Pyntesokkane som eg begynte på i vår.
Hadde berre ein halv sokk igjen å strikke.
Det blei sikkert ein stopp på grunn av at
Rauma 3-tråds er litt tungt for meg å strikke med,
særleg på fem pinnar. 
Fann mønster på desse i LevLandlig
Seinare såg eg at eg har mønster på dei
 også i eit Raumagarn hefte.
Har ikkje strikka stjernemønster på hælane,
sjølv om det var prikken over i'en.

Og så har eg hekla eit par sekskanta gryteklutar.
Mønster i Tove Fevang si siste bok.
Dei er hekla med dobbel Mandarin Petit.

05 august 2012

Strikka gryteklutar

Denne veka har eg blant anna strikka ein gryteklut.
  Det er første gong eg har prøvd dominostrikk, ganske kjekt!
Men Mandarin Petit og pinne nr. 2, 5 blei litt treigt for meg
 (som er vant til å hekle, noko som går mykje fortare....),
så eg fann fort ut at denne grytekluten kom til å forbli singel.
Men den blei i alle fall tjukk og god, sidan den er dobbel.
Bakstykket er ei stor dominorute.
Mønster til dominogrytekluten fann eg i den nye boka til
Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar, BLÅTT.
Medan eg strikka på dominogrytekluten,
kom eg på at eg hadde ein annan gryteklut frå i fjor
liggande nesten ferdig på loftet. 
 Etter å ha leita meg igjennom 6-7 kasser med
 garn og uferdige prosjekt, fann eg den jammen.
Det var berre å felle av, sy saman oppe og nede
(den er strikka rundt på rundpinne slik at den er dobbel)
og hekle ein picotkant rundt. 
Denne er singel også, så no kan dei vere eit par............
I dag har vi hatt ein fin sommardag,
 men badetemperaturen lar vente på seg.
Desse to bildene er frå øya Cheung Chau, Hong Kong.
Vi hadde stopover to netter i Hong Kong på veg til Australia.
Ein kollega av meg som har budd eit år i byen,
anbefalte oss å ta ferje til denne øya viss vi ville bade og slappe av.
Minstemann fekk bade og kose seg saman
med dei innfødde på den fine sandstranda.
Temperaturen i lufta var ca. 28 grader, så det var heilt perfekt.
Godt å kome seg litt vekk frå folkemengda inne i byen.....

01 august 2012

Juliproduksjon

 Her er juliproduksjonen min i år.
 
På Rocks sunday market i Sydney,
 kjøpte eg eit hespe med handfarga alpakkagarn.
Garnet låg i ein papirpose med forslag til mønster. 
Det var raskt å strikke på pinne nr. 9.  Berre rette masker.
Veldig mjukt og godt!
Så hekla eg dette sjalet av Milk & Honey. 
Mønster:  Muffins halstørkle. 
Har hekla mange slike, men denne gongen
hekla eg ein pikot-kant rundt i ein kontrastfarge.
Har også begynt på ein duk som eg fann mønster på
i boka Løkker & masker- 100 norske hekleoppskrifter.

31 juli 2012

Australia

I morgon kveld er det allereie ei veke sidan
vi kom heim frå Australia. 
Vi har besøkt svogeren, svigerinna og niesa mi i Sydney,
og hatt fire fine veker der.
Vi har reist mykje rundt og sett og opplevd veldig mykje.
Vi var blant anna i tre ulike dyreparkar. 
 På grunn av at vi reiste utanom turistsesongen (vinter),
var det lite kø og god plass over alt. 
Vi fekk nærkontakt med dyra.
  Vi hadde mykje sol og fint ver, trass i at det var vinter.
 Den størst skilnaden frå den norske sommaren,
var at det var veldig kaldt om kvelden og natta. 
Det begynte å mørkne i femtida,
 så den vestlandske lyse sommarnatta som vi er vande med,
 gjekk vi glipp av i år.
Det var tidleg opp og tidleg i seng for å nytte dagslyset.
Det har blitt gjort lite handarbeid på turen,
men litt blir det no alltids. 
Kjem tilbake til det seinare.....

18 juni 2012

Gryteklutar

                       

No har eg endeleg fått fotografert gryteklutane
 som har vore ferdige ei stund.
Øvst to par "Ny stripet gryteklut" i Mandarin Naturell.
I midten "Gryteklut med små bobler" i PT-Helårsgarn og
nederst "Ny rutet gryteklut" i Vipe frå Dale.
Alle mønstrene frå boka
Hekling & hakking til kjøkkenet
 av Tove Fevang.
Når du først har begynt å hekle med Clover sine heklekrokar,
er det ikkje noko særleg å gå over til "vanlege krokar".
Prøvde Magda Imregh sin nettbutikk,
noko som var ei positiv oppleving.
I tilegg til eit koseleg og personleg kort,
fekk eg ei dukke med bomullsgarn
og eit gammalt heklemønster med på kjøpet.

06 juni 2012

Blåtur til Selje

 I går var eg på kjekk blåtur saman med
 Nordfjord Lappe & Quilteklubb.
Vi enda opp på Doktorgarden i Selje.
 Der venta Ati (som har flytta til Selje frå Nederland) på oss.
Ho viste fram og fortalde om quiltane sine. 
 Ati har sydd eit stort og flott teppe i teknikken Crazy-quilt. 
Heile teppet er nydeleg brodert for hand.
 
Etter "foredraget"  fekk vi herleg krema fiskesuppe,
 kaffi og sviskekake.
Bileta som er utstilt i kjellaren for tida, 
er alle måla av Finn Egil Eide.
 Det var høve til å sjå seg rundt i heile huset. 
På loftet var det overnattingsmogelegheiter.
Alle romma hadde sin stil og farge. 
Artig å sjå kva litt tekstilar kan gjere med eit rom!