09 mai 2013

Oslotur

 I slutten av april var eg ein liten tur til Oslo.
Hovudmålet for turen var konsert med Bruce Springsteen,
 men det blei tid til eit lite besøk hos Kathrines Quiltestue også. 
Dette er mitt første besøk på denne flotte butikken.
 Eg såg på facebook om morgonen at butikken var stengt
til klokka tre på grunn av sjukdom.
 Kjekt at den opna klokka tre i alle fall,
 så eg fekk ein liten titt, før middag og konsert.
 

22 april 2013

Genser med rund sal

 Eg har fått strikka ferdig ein genser i Sisu,
som eg i følge Ravelry-sida mi
  begynte på i april 2010.
                                              Mønsteret står i eit hefte frå Sandnesgarn.
                                                                 1003, mix dame.
                                                                                           (sjølvportrett...)

21 april 2013

Kosedag hos Lappetausa

 
I går hadde eg ein skikkeleg kose-kuttedag heime hos Lappetausa.
Elin hadde lånt Gloppen Lappe & Quilteklubb si stoffkuttemaskin.
Utruleg raskt, enkelt og kjekt!
Her hjelper Elin sitt barnebarn, Aron, til med å sveive.
Elin sine "vannglass" i nydelege reprostoff.  
                                         Eg tok med meg nokre av mine eldste stoff inn til Elin,
                                            og her er det eg kutta opp.  Tumblers og trekantar.
                                                     Gler meg til å sy saman stoffbitane!

05 april 2013

Sjal og spisebrikker


                                          Eg blir liksom aldri ferdig med å hekle desse sjala,
                                                  som er forma som ei halv bestemorsrute.
Dette er hekla av to nøster Faerytale.  Mønster her.
Så har eg sydd to spisebrikker
etter eit gamalt AnnAKa mønster.
Max har mykje å studere på her ved elvebredden.

21 mars 2013

Pledd og påskeløpar

 Det har blitt lite strikking den siste tida. 
Begynte på eit restegarnpledd
 a`la Arne og Carlos som eg
strikkar av diverse single garnnøster på pinne nr. 3,5.
 Men det blei litt tungt i lengda, 
så eg har tatt ei pause....
Synd, for det var veldig kjekt!!
 Men eg har endeleg kome i gang med litt sying.  
Har fått sydd denne vesle vårlege løparen.  
Mønsteret er laga av Lise Bergene og står i Quiltemagasinet 2/2005.

03 mars 2013

Brennende Kjærlighet Votter

I slutten av januar meldte eg meg inn i Projo sin vottealong på facebook.
Eg er eigentleg ikkje noko along-menneske, så dette er min første strikkealong på nettet.
Eg kan ikkje ha noko press over meg når det gjeld strikking.  Er ofte dårleg i muskulaturen og må gjere det som eg klarer der og då.  Av og til er det hekling som fungerer og andre tider strikking.  Det kan plutseleg bli stopp i å strikke på fem pinnar.  Av og til er det best med tynne pinnar og av og til tjukke. På denne måten blir det mange halvferdige prosjekt rundt om kring.  Men dei fleste småprosjekta blir ferdige til slutt.  Strikkelysta og engasjementet er på topp, og eg har ikkje fått forbod av kiropraktoren min :D
Dette er januarvottane i Strikkealongen.  Det er eit mønster av Jorid Lindvik og vottane er strikka i Finull frå lageret mitt.  Vottane tova eg for hand i grønnsåpe.  Kankje dei må ha ei runde i vaskemaskina og, får sjå.
Denne nydelege buketten fekk mannen min for å ha jobba 25 år i samme firma.  Muggen kjøpte eg av Ingun på Primula i fjor sommar!                              

Takk for dei positive kommentarane på restegarnteppet mitt.  Så kjekt at så mange likte det!!

25 februar 2013

Hekla teppe

Eg har hekla eit teppe til ein gammal stol.
Til dette teppet har eg brukt berre gamle restar av diverse babyull.
Nokre av restane er 26 år gamle, 
så det var på tide å få dei vekk.
Teppet veg over 600 gram, så det hjalp på garnslankinga (?).
Ikkje vanskeleg å sjå her at eg har fire gutar 
og ingen jenter :)
Teppet er hekla med dobbel tråd og krok nr. 5.
La opp 105 luftmasker.  
Det er seks stavar mellom kvar topp/botn.
Sju stavar i kvar side.

02 februar 2013

Horned Owl Mittens


Eg har del UFO'ar frå i haust som eg skal prøve å gjere ferdig.  
Først ut er dette votteparet i Falk frå Dale.
Mønsteret er
(Ravelry link)
I fjor haust hadde eg ein oransj periode, 
difor fargane oransj og mørkebrun.
No, midt på vinteren, hadde eg nok satsa på andre fargar,
 skulle eg ha begynt på desse.
Dei var artige å strikke,sjølv om det var litt pirk...
Baksida
Eg må innrømme at eg har litt ugledilla.
Uglebildene er det faren min som har malt til meg.

27 januar 2013

Happily Ever After mitts


 av Susan B. Anderson.
Dette er eit gratismønster på Ravelry.
Mine er strikka i Hverdags frå DSA.
La opp 54 masker, men felte gradvis ned til 50,
Gjorde ein del andre endringar også. 
Bildet under er henta frå magasinet Let's Knit, January 2013.
Fall for desse fargerike pulsvarmerane.

20 januar 2013

Meir perlestrikk

 Eg har strikka Evighetshals i Hexa. 
 Dette er eit gratismønster frå Marte Helgetun.
Det gjekk med tre nøster.
Hexa er eit utruleg mjukt garn,
herleg å ha rundt halsen!
Fargen er 912 Sand.
Halsen kan brukast to eller tre gongar
rundt houvdet.

 Så har eg lese ut
 Den tomme stolen av J.K. Rowling
 denne helga.
Eg likte boka for så vidt.
Gode person-og miljøskildringar.
Ser fram til å sjå filmen!

14 januar 2013

Skipping Christmas


Eg har lånt tittelen på John Grisham si morosame julebok Skipping Christmas som bloggtittel i dag.
Det er nemleg første gong på fem år at eg har hoppa over jula på bloggen min.
Det er for seint å ønske god jul, men eg kan i alle fall ønske alle som er innom her eit godt nytt år!
Dette bildet tar eg med for å illustrere kor grøn jula i fjor var.  Synest å hugse at det begynte å snø i romjula ein gong, men at den snøen smelta ganske fort.  No er det i alle fall kaldt ute.  Vi har fått tilbake vintergjestane, trur det er Sangsvanar.  Dei syng i alle fall ganske høgt og stygt, særleg når dei vil forast.  Då er det berre å finne fram brød og tilfredsstille krava.


Strikkar og heklar litt igjen, men lite og forsiktig.  Først ut i år er eit panneband i Lerke frå Dale. Dobbel tråd og pinne nr. 5.  La opp 17 masker. Ideen fekk eg av Monai.   Ravelrymønster her.  Sjalet er hekla i ein tråd DSA Sky og ein tråd Silkmohair frå Sandnes.  Det er hekla som ei halv bestemorsrute.  Veldig mjukt og godt!

01 desember 2012

1. desember

 Adventstida er her,
 og eg har leita fram vottekalendaren frå i fjor.
  Hugsar kor koseleg det var å strikke desse!  
Mønster og garn frå Dale.
I dag var eg ein tur innom ei julemesse.
Kjøpte blant anna dette Villsau-garnet.
Det skal bli til tova tøflar (eller vottar) ein gong.
Eg kan dessverre ikkje strikke for tida,
 på grunn av problem med rygg/nakke/hovud.
 Samme garnet som vikingane i si tid brukte!
Ho som eg kjøpte garnet av har denne nettsida:  www:villsauliv.no

12 november 2012

Moon


Kim Hargreaves er ein flink designer
- ikkje minst har ho laga mange fine huemønstre.
Eit av dei er Moon, som eg no har lagt min elsk på.
 Denne er strikka i Hegre frå Dale.
100 % ull.
Og her ei i Ragg strømpegarn frå Hjertegarn,
70 % superwash ull og 30 % nylon.
Denne hua er vaska, så mønsteret er meir flatt.
Hua er rask å strikke på tjukke pinnar.

05 november 2012

Vottar og voffs

 Har strikka og tova eit vottepar til Minstemann. 
Garnet er restar av Finull og Tove.

 Og så eit par ribbevottar i Sisu
La opp 60 masker.
Damestr.
 Vottane var ferdige for ei lita stund sidan. 
Det har nemleg ikkje blitt strikka mange maskene
den siste tida. 
 Grunnen til det er at vi har fått oss ein kvalp. 
Det er ein Tervuren (Belgisk fårehund)
som heiter MAX.