Desse to luene strikka eg tidlegare i sommar, før eg fekk problem med skuldera mi. No har eg festa trådane og sydd på snorer. Mønsteret eg har brukt er dette, og eg har brukt restar av Dale Babyull. Dette er eit mønster som eg har hatt lyst til å prøve lenge, og no passa det godt sidan det blir babyboom i familien denne hausten.
Eg har strikka litt (forsiktig) dei siste dagane på dette babysokkeparet. Det er strikka i Fabel etter dette mønsteret. Str. 1/3 mnd.