30 desember 2008
Minestronesuppe-party!
29 desember 2008
Julegave frå meg til LilleMø
Dette er vel den einaste julegava eg laga før jul som eg ikkje har vist fram på bloggen.Den laga eg til systra mi, LilleMø. Kumønsteret fann eg i eit blad og resten er sjølvkomponert. Posen er stor nok til å oppbevare eit lite handarbeid i.

28 desember 2008
Julegave frå Lappetausa
24 desember 2008
20 desember 2008
20. desember - oppdatering
I går etter jobb var eg til Volda for å kjøpe eit garnnøste som eg mangla for å fullføre ei julegåve. Då eg kom heim viste det seg at eg hadde klart å kjøpe feil turkisfarge! Eg var litt i stuss då eg var på butikken, så eg spurte ho som jobba der, og ho sa at det var riktig farge. Men den var altså for lys og feil nr. Vel, skuffande, men turen var ikkje bortkasta. Eg hadde med meg ein kollega og vi hadde ein kjekk tur og handla julegåver og anna både i Volda og i Ørsta. I Ørsta var vi innom butikken der Ronille har eit hjørne med heimeproduserte ting til sals. Artig å sjå tinga som eg har sett på bloggen hennar før live! Eg kjøpte ein vaskeklut for moro skuld. Billig, betalte berre 30 kr for denne......
Dei siste dagane har eg fått masse fint i posten. Frå Jordbærstedet kom endeleg første pakken frå Stitcheryklubben. Fine stoff og ok mønster. Skal sy ein pose eller ei veske av dette.
Frå hobbybokklubben fekk eg ei kalendarbok, mønsterark og eit påteikna stitchery.
Møsterarket inneheld mønster på eit månadteppe ein kan sy. Her er første blokka.
Frå Australia kom den fjerde (trur eg) pakken i Pincushion of the Month- klubben. Dvs. at eg no har tre pakkar liggande som eg ikkje har begynt på enno......14 desember 2008
Det går fortsatt i posar.....
08 desember 2008
Posar til julemenn/pepperkakeformer
Eg likte så kjempegodt ideen om ein stoffpose til å oppbevare småkakeformene i, at eg måtte sette i gang ein liten produksjon i helga. Førebels er eg ferdig med to posar, men kjem heilt sikkert til å sy fleire (optimisten...).
Mannen er brodert med kontursting, eller min versjon av kontursting (var litt usikker på dette stinget....). Brukte linstoff, som det stod i boka at ein skulle bruke. Det blei ganske fint. Raudt bomullstoff som for.06 desember 2008
Pizza og julemenn
I går såg eg korleis Wenche i "God morgen Norge" laga porsjonspizza, så det blei fredagskosen til Hunter i går kveld. Wenche steikte botnane litt på førehand (5-6 min.), noko eg også gjorde. Laga deig og steikte opp botnar i ulike størelsar. Etterpå fekk alle i familien lage sin eigen pizza med det fyllet dei ville ha. Eg laga ein liten til meg sjølv med Creme Fraiche i staden for tomatsaus, for å teste ut det. Det blei ganske godt, men eg likte best den eg laga med både tomatsaus og C.F. Botnen blei sprøare enn vanleg, og alle var fornøgde. Men det blei litt meir rot på kjøkkenet og tok litt lengre tid!
I dag laga minsten og eg Julemenn.Vi brukte denne oppskrifta:
1/2 l kefir ( Brukte økologisk kefir med dansande Kaukasus-mann)
1 kopp smelta margarin
750 gram sukker
6 ts. hjortesalt
1,3 kg kveitemjøl
200 grader i 8-9 min.

05 desember 2008
Julegleder
02 desember 2008
Liten snømann
I kveld var eg på årets julemøte i Nordfjord Lappe & Quilteklubb. Det var veldig koseleg med stitching, kaffi, snittar, marsipankake, "vis og fortel" og lotteri.Alle fekk ein liten kit med mønster, stoff og vatt m.m til å sy fire små stitcherymotiv. Denne snømannen var ferdig oppteikna for oss, og eg fekk faktisk sydd han ferdig i løpet av møtet. Så no gjenstår berre monteringa. Trur kanskje eg skal sy ein liten pose. Vi fekk også kvar sin liten boks med "spytt på boks" som vi kan bruke når vi er tørre på hendene og skal sy på maskin..... ;-)
Tallerkendempar/ brikke
30 november 2008
Klar for 1. desember
I dag har eg lagt siste hand på "verket" når det gjeld adventskalendaren. Eg er glad for at eg starta så tidleg som eg gjorde (sept.?), for eg er ikkje av dei raskaste ved symaskina.... Men ferdig blei eg og ganske fornøgd med resultatet. Den er langt frå perfekt, men eg har lært mykje undervegs. Å sy etter eit AnnAKa-mønster er veldig lærerikt og kjekt. Reine kurstet.Det er ikkje tilfeldig at eg har tatt bilde berre av den øvste delen av kalendaren etter at pakkane kom opp. Eg er nemleg ikkje komen lenger enn til 9. desember med å henge opp pakkar. Slik har det vore dei siste åra. Det var berre då eg var ung mor i 20-åra, at eg hadde alle pakkane klare til 1. desember.......
Eg hadde store problem med stoppefoten og frihandsquiltinga no på slutten, for det er det mange år sidan eg har prøvd. Men eg fekk det no til på eit vis til slutt....Advent
Det er ikkje så mykje eg har fått gjort på handarbeidsfronten denne veka,men ei lita lilla brikke har eg hekla til advent. Brikka er berre 20 cm i diameter, og er i ein nydeleg lillafarge, som ikkje kjem fram her.
Elles jobbar eg med AnnAKa-adventskalendaren min, og den blir ferdig i løpet av kvelden - heldigvis!!
23 november 2008
Frå foto til maleri....
I dag kom faren min innom med nokre oljemaleri som han har malt. Han har hatt maling som hobby i mange år, men det siste året har det vore vanskeleg for han å male på grunn av ein skade i skuldera. Han har trent mykje for å bli betre, og no har han begynt å male litt igjen. Her er eit av bildene han kom med i dag. Det er malt etter dette fotografiet som eg tok i haust.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)













