Det blei tur til Ossetra også denne søndagen. I motsetnad til sist søndag, var det i dag fantastisk flott haustver her! Vi har hatt fire dagar utan regn, så stien var fin og relativ tørr.
We went to the mountains (our cabin at Ossetra) this Sunday as well! Beautiful weather and autumn colours!
30 september 2007
27 september 2007
Gamle klassikarar
Eg har blitt inspirert av fleire bloggarar når det gjeld film og litteratur siste veka. Ein bloggar anbefalte triologien "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og Ingen vei går utenom" av Trygve Gulbranssen. Eg hadde eigentleg tenkt å lese bøkene, men sidan biblioteket hadde lydbøkene, enda eg opp med det. Då kan eg slå to fluger i ein smekk (dvs. strikke samtidig). BBC filmatiseringa av Charles Dickens roman "Bleak House" frå 2006, har eg og sett anbefalt på ein blogg. Før var eg ein flittig brukar av biblioteket, men no nyttar eg meg altfor lite av dette tilbodet. Det er bra å få slik inspirasjon på nettet og!
You Make Me Smile Award
Denne "taggen" fekk eg av Lappetausa. Thanks!
De kan lese på bloggen hennar kva den går ut på.
Eg håper at mi niese vil ta denne utfordringa! Ho er ei tøff jente og eg trur ho har litt å skrive om når ho kjem til bokstaven R.
De kan lese på bloggen hennar kva den går ut på.
Eg håper at mi niese vil ta denne utfordringa! Ho er ei tøff jente og eg trur ho har litt å skrive om når ho kjem til bokstaven R.
26 september 2007
Blogg"tagging"
Dei siste dagane har eg blitt tagga av Strikkemor, Hege, Timotei, Juliann, Marie og Lappetausa. Takk for at de tenkte på meg! Eg har forstått det slik at når ein blir tagga, skal ein fortelje litt om seg sjølv - noko tilfeldig og noko litt rart/ spesielt.
1. Eg er hekta på garn og strikking.
2. Eg kan (nesten) ikkje gå forbi ein garnbutikk utan å kjøpe garn.
3. Eg er bloggveninne med fleire av tantene mine
4. Då eg var ung ønskte eg meg ei jente - eg fekk fire gutar og synest det er topp!
5. Det er seksten år skilnad på eldste- og ynstemann.
6. Eg kan ikkje tygge tyggis utan å smatte.
7. Eg begynner stadig på nye prosjekt, sjølv om eg har MANGE uferdige liggande.
Til slutt skal eg utfordre sju andre bloggarar.
1. LilleMø
2. Tiril Sol
3. Besta
5. Tussi
6. Tone M
7. Husflidtausa
Reglane:
1. Link tilbake til den som har tagga deg og skriv reglane.
2. Fortel sju ting om deg sjølv, noko tilfeldig og noko rart/morosamt.
3. Tagg sju andre og skriv ein link til dei.
4. La dei få vite at dei er tagga ved at du skriv ein kommentar i bloggen deira.
illustrasjon: Mosjøen sommaren 07.
24 september 2007
Ikkje det at han treng ein ny genser, men....
23 september 2007
Søndagstur trass dårleg ver...
Her på Vestlandet har veret vore dårleg stort sett heile august og september. Men ein kan jo ikkje berre bli sittande inne for det. Dette er andre søndagen på rad at eg har trassa ver og vind, kledd meg godt og gått på setra. Det er eit tiltak, men utruleg herleg når ein fyrst kjem seg ut! Eg likar godt fjellet om hausten. Fantastiske fargar skapar flott stemning. Vi er heldige som har eit gamalt sel (hytte),kor vi kan søkje tilflukt når det regnar.
Litt dogg på linsa, men pytt...
Litt dogg på linsa, men pytt...
16 september 2007
...Og to par strømper til bitte lille bror..
14 september 2007
Opal til halv pris!
Denne helga er det Eidamesse og mange gode tilbod i butikkane, trur eg. Eg har ikkje sett så mykje enno, men skal ha meg ei runde i morgon. Men eg rakk ein tur inn om "En Rød Tråd" der det var halv pris på alt Opalgarnet! Eit slikt tilbod må ein jo berre slå til på, uansett kor mykje garn ein har liggande, eller kva? "slange" til venstre og "tukan" til høgre.
13 september 2007
Oppdatering på Spidermanteppet og litt til .....
11 september 2007
Blankets and throws to knit
09 september 2007
Søndagstur i Stigedalen
I dag hadde vi ein fin spasertur frå Stigedalshytta til Sagesetra. Ein mann vi møtte på vegen sa han hadde fått sjokk då han vakna i dag og det ikkje regna! Det fortel litt om det håplause veret vi har hatt her den siste tida (sidan midten av juli faktisk)! Men regnet kom sjølvsagt i dag og....
Vakker natur uansett ver og årstid! Fleire bilder her.
08 september 2007
Nøstebarn sine mønster i bokform!
Eg kjøpte meg ei ny strikkebok i dag, måtte berre ha denne!......Mange fine mønster både til baby, barn og vaksne (damer). Garn kan ein kjøpe hos Nøstebarn. Eg har prøvd både to - og tretråds merinoull, og likar begge godt! Då min son nr. 3 var baby for 10-12 år sidan, strikka eg til og med ullbukser og brukte tøybleier, men då var eg nok inne i ei spesielt miljøvennleg fase.....
Her kjem nokre smakebitar frå denne flotte boka!
Her kjem nokre smakebitar frå denne flotte boka!
05 september 2007
Spiderman-teppe
Eg har allereie begynt på nytt hekleprosjekt! Dette Spiderman-teppet er ein Along på Hobbyboden for tida. Eg har ikkje meldt meg på, men fann mønsteret der. Dette er fyrste gongen eg heklar etter eit engelsk (amerikansk) mønster, men det går greit! Trur i alle fall det er nokolunde rett.. Dette er berre begynnelsen. Teppet skal bli mykje større, og det er nok Henning som blir den lykkelege eigar...Han er veldig opptatt av Spiderman, sjølv om han ikkje har sett filmane... Mønsteret ligg her. Eg heklar i Smart og brukar krok nr. 4.
02 september 2007
Min første tova løpar
Abonner på:
Innlegg (Atom)