Eg har fullført nokre småprosjekt,
og i dag passa det fint å ha fotoseanse ute i det
nydelege haustveret.
Dette skjerfet begynte eg på for nesten eit år sidan.
No er det endeleg ferdig.
Tynt, mjukt og lekkert!
Det er strikka i Alpaca Silk frå Rauma.
Denne halsen er strikka i eit av favorittgarna mine
Faerytale frå DSA.
Eg likar godt mønstrene til Marte Helgetun.
Dei er enkle men utruleg fine og praktiske!
Fargen er gråbrun.
Eg sjekka strikkefastheten min etter å ha strikka eit stykke,
og fann ut at halsen blei litt for vid.
Difor felte eg først fire masker og litt seinare to masker til
for å få rette måla.
slik eg ofte må....
Dette er ein skikkeleg hausthals.
Den er strikka i Drops Delight.
Dette sjalet er hekla i Tynn alpakka frå DSA.
Det var raskt å hekle,
men det tok mykje tid å klippe opp og feste på frynsene ....

Fine ting - ikkje så smått vil eg seie
SvarSlettSå mye fint du har strikka!
SvarSlettHer var det jammen masse lekkert!!!
SvarSlettKlem Tone
Vakre haustfargar ved Os-elva, trist at sommaren er vekk før vi fekk nyte den. Fine sjal og halsar, det kjem vel med. Sjalet eg fekk med deg til Pensjonistlaget sin basar var det ei dame i Måløy som vann.
SvarSlettMamsen
Så mye fint du har strikket :O)
SvarSlettSå mye flott du har strikket! Og finværsdager nå om høsten må vi jammen både nyte og utnytte ja.
SvarSlettGod helg!