06 mai 2016

Regionstreff i Førde


 For snart ein månad sidan var Lappetausa og eg på regionstreff i Førde.
Vi benka oss på første rad for å høyre og sjå Trine Bakke
frå Lappemakeriet på Bærums verk.
Eg har alle quiltebøkene til Trine og likar dei veldig godt!
Eit kjekt og inspirerande foredrag!
Teppet under er det nye månadsteppet til Lappemakeriet.
Det heiter Ole Brumm og har bjørneklomønster.
Veldig fint!

To til halsen


Det er ei stund sidan forrige innlegg her på bloggen, 
men no skal eg prøve å komme i gang igjen.  
Det har blitt ein del hekling i vår.  
Har fleire tepper på gang,
så eg får vel prøve å fullføre nokre av dei snart.
Det som er ferdig er dette sjalet hekla i Tumi frå Rauma.
Mønsteret ligg ute gratis og heiter Claudia scarf.
Eg har hekla dette to-tre gongar tidlegare.

I vinter kjøpte eg to nøster Sandnes tweed til halv pris.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke garnet til,
men eg hadde lyst til å prøve det.
Det enkle er ofte det beste,
så det blei eit lite sjal i rillestrikk.
Sjalet blei veldig mjukt og godt å forme rundt halsen.