26 januar 2015

Lilla sjal



Viss ein ikkje har lyst eller orkar å strikke ein heil Skappelgenser,
kan det vere ein ide å strikke eit sjal eller skjerf.
Etter at genseren min var ferdig,
fann eg litt restegarn på loftet
 og strikka eit lite, mjukt sjal på rekordtid.
Hadde det ikkje vore for at eg blir litt dårleg i armar og skuldrar 
av å strikke for mykje med tjukke pinnar, 
skulle eg ha masseprodusert sånne, 
for der er nok av garn å ta av,
og sjalet blei heilt herleg :)
***
Under fotoseansen kom hunden vår, Max, 
og sette seg midt i vegen.
Han trudde visst det var noko spanande på gang ute ....

 Sjalet er strikka med to trådar saman.
 Eg har brukt Kitten Mohair i ulike fargar saman med ein tråd av 
eit silk/mohair garn som anten er frå Sandnes eller Rauma.
Pinne nr. 6.
Eg la opp tre masker. 
Auka ei maske innanfor dei tre ytterste maskene på kvar pinne.
Då blir det ein fin kant, synest eg.
Aukar altså berre i ei side på kvar omgang, 
og ved å plukke opp tråden mellom to masker og strikke den vridd rett.

24 januar 2015

Skappelgenser

Det nye året startar godt med hensyn til å gjere ferdig uferdige prosjekt.  No har eg strikka ferdig ein Skappelgenser, som eg begynte på for eit eller to år sidan. Den er strikka i ein tråd Alpakka og ein tråd Silk Mohair frå Sandnes.  Alpakkagarnet hadde eg frå før, kjøpt på sal ein gong.  Eg tenkte at det ville bli for tjukt med Faerytale, når alpakkagarnet var tjukkare enn det som vanlegvis blei brukt til denne genseren. Difor blei det Silk Mohair.  Eg ville ikkje ha genseren så frykteleg oversized, så eg la opp nokre masker mindre enn mønsteret sa og strikka den på pinne nr. 6 i staden for 7. Undervegs mista eg trua på prosjektet og genseren blei liggande.  Trudde blant anna at den kom til å bli for liten.  Men den voks ganske mykje etter vask og blei ikkje så verst passeleg.  På grunn av at den vart ein del vidare etter vask, blei ermane ganske lange. Men eg trur ikkje eg gjer noko med det, førebels i alle fall. Dei kan brettast opp.  Eg blei fornøgd med vidda oppe på ermane.  Der auka eg ut slik at eg hadde seks masker meir enn det skulle vere etter mønsteret.

17 januar 2015

Sinnasaujakka

 Eg har hatt ei lang bloggpause.  Heilt sidan julafta, ser eg. 
 Må innrømme at eg var litt i tvil
 om eg skulle fortsetje med bloggen eit år til.  
I februar er det åtte år sidan eg begynte, 
så det begynner å bli nokre år.
Men det er ikkje så lett å slutte heller. 
 Har mykje glede av å sjå på andre sine bloggar,
sjølv om eg ikkje alltid er så flink til å kommentere lenger.

Årets første ferdige prosjekt er Sinnasaujakka.
Denne begynte eg på for ganske lenge sidan.  
Eit kjekt prosjekt, sjølv om det tok litt tid.
Jakka er strikka ovanfrå og ned. 
 Mykje prøving undervegs,
så den er ganske "skreddersydd".
***
Den er strikka i Kauni og veg ca. 350 gram.
Har brukt både fleirfarga (lilla/grå) og 
einsfarga (naturkvit og svart) Kauni.
Eg likte best den fleirfarga.  
Den svarte syntest eg var tynn og sleit lett. 
 Håper den ikkje blir slitt med ein gong i bruk....
Det er Pinneguri som har laga dette populære og fine mønsteret.