28 juli 2014

Tore-Garden

 Eg hadde besøk av Elin (Lappetausa) ein dag,
 og då svinga vi innom  Tore-Garden i Leivdalen.
Sølvi er ei flink og kreativ dame,
som har starta butikk/nettbutikk i ei gamal stove heime på garden.
 Mykje fint i butikken!
 Etterpå vart det litt bading i elva og sying/strikking i hagen heime hos meg.  
Sjeldan vi har sååå fint sommarver på desse kantar, 
som vi har hatt i år :)

Klutar

 På tide med eit livsteikn her på bloggen.
Eg hadde ikkje planlagt å ha ei så lang bloggpause, 
men slik blei det.
Eg brukar stort sett berre I-pad på fritida, 
og synest det er tungvindt å blogge frå den.
 Har sysla med forskjellig handarbeid sidan sist.  
Har mange prosjekt på gang, så då tar det si tid å bli ferdig.
Det som er ferdig er diverse klutar.
Eg har følgt med på to klutealongar på fb i sommar. 
Mønstrene på klutane finst difor på bloggen til Tove Fevang,
 og på fb-gruppa til Bitta Mikkelborg.
 Bortsett frå desse gryteklutane til Ellens heklekrok.
Eit veldig kjekt mønster, som eg har brukt mykje.
Litt spesielle fargar denne gongen, men eg hadde noko
Milk&Honey garn som eg ville bruke opp.....
Og dette velbrukte mønsteret der du strikkar 
1 r, 1vr på ein pinne og rett på neste....
Dei tre siste her er Tove Fevang sine mønstre.
Årets ferietur gjekk til Parga i Hellas.
Ein liten og koseleg by nordvest på fastlandet.
Der hadde vi to flotte veker!
Budde på det kvite hotellet med rødt tak i framgrunnen.
Etter at vi kom heim har vi hatt nydeleg sommarver her på Vestlandet.