25 november 2013

Bergenstur


     
 I helga var vi til Bergen for å besøke eldstemann som studerer der.
 Må sjølvsagt innom hobbybutikkane 
og sjå på utvalet når ein er andre plassar.
Eg tok desse bildene hos Quiltekroken.
Mange fine julemodellar i butikken.
                              Dette babyteppet er frå ei bok som heiter Quilt a Gift for Little Ones.
Kjempefin bok!
Eg fekk lyst til å sy gryteklutar med den vesle twisterlinjalen...
 To av gutane mine utanfor Strikkelykke :)

19 november 2013

Tysk sjal

 På ei messe i oktober kjøpte eg to hesper med handfarga garn.
(tilsaman 100 gram).
Garnet kan også bestillast på nett her:  Textil studio
Eg har lenge hatt lyst til å strikke eit sjal som eg har sett på Ravelry.
Mønster på norsk:
Bruk to pinnar av ulik str. (ein tjukk og ein tynn).
Eg brukte 3 og 7 til dette tynne garnet.
Strikk annankvar omg. med tjukk og tynn pinne.
Alle omg.:  Auk i første maska ved å strikke i fremre og bakre ledd.
Strikk deretter 1 vridd rett og ein vrang til siste maske.  
Auk i siste maske på samme måte som første.
(Dvs. auk to masker kvar omg.)

Dei to sidene på sjalet blir ulike.
(Store masker på eine sida og små på den andre).
Veldig moro og enkelt å strikke. Sjalet blir lett og luftig.
Sjalet i bruk :)