28 august 2011

To halsar

Denne halsen er strikka i Abuelita Merino Worsted frå Pickles.
Gratismønster her.
Såg halsen først på bloggen til Strikk og Tøys,
som har strikka mange sånne i sommar.
Den var rask å strikke på pinne nr. 10,
og så er den kjempegod på!!

Garn til denne halsen kjøpte eg då eg var i Ulsteinvik i sommar.
Synest halsen ser så fin ut på nettet,
men eg var litt skuffa då den var ferdig.
Etter vask og blokking, blei den ikkje så verst likevel.
Begynte på den største str. ,
men rekte opp og hekla den minste,
som blei meir enn vid nok.


26 august 2011

Superenkel lue

Har strikka ei superenkel lue i
Kitten Mohair frå Sandnes og tynn Alpakka frå DSA.
La opp 80 m med dobbel tråd og strikka 22 cm ca.
Strikka to og to m saman
med ein vanleg omgang mellom (tre gongar) og felte av.
Vrengde lua, vaska og strekte den litt.
Pinne nr. 5.

21 august 2011

Ny strikkebok

Eg har kjøpt meg ei ny strikkebok.
Dette er ei grei basic- strikkebok med tidlause modellar og mønster.
Alle modellane er strikka av det samme garnet
med enkel eller dobbel tråd.
Her er nokre døme på mønstrene i boka:

Meir info om boka får du ved å trykke på overskrifta til dette innlegget.

14 august 2011

Hekla hals

Denne halsen er hekla av eit nøste mini palett frå Sandnes.
Skulle prøve å ta sjølvportrett for å vise fram halsen,
men det var ikkje så lett :D
Eg blir alltid sjåande så streng ut :(
(ikkje så lett å smile til seg sjølv)
***
Halsen er i alle fall veldig god!!
Den er surra to gongar rundt halsen.
Kjekk og relativ rask å hekle var den også.

09 august 2011

Meir sikk-sakk

Det var så kjekt å hekle desse gryteklutane,
at eg måtte hekle eit par til.
Denne gangen i Mandarin Naturell frå Sandnes.

04 august 2011

Gryteklutar med sikksakkstriper

Eg har hekla eit par gryteklutar med sikksakkstriper.
Mønsteret har eg kjøpt av Ellen Thunestvedt - her.
Garnet eg har brukt er Milk & Honey frå Viking.
Likar veldig godt dette mønsteret!!

Gryteklutane er doble, like på begge sidene.

02 august 2011

moods of shawls

I går var eldste sonen min og eg ein rask handletur
til nabokommuna Stryn.
Stryn er også heimkommuna til moods of norway,
så vi var sjølvsagt ein tur innom moodsbutikkane der.

Eg fall for ein bag der, men syntest den var litt dyr.
Då eg var i kassa og skulle betale noko anna,
kom dei og hengde opp - 50 % skilt over alle veskene og bagane,
så då måtte eg jo berre slå til, eller????
Litt brainless hekling i "sommarvarmen".
Meir informasjon om sjala på eplabutikken min.

01 august 2011

Nord-Norge

I går kom vi heim frå ein liten Nord-Norge tur.
Vi besøkte familie i Mosjøen.
Vi hadde ein nydeleg båttur frå Mosjøen til Herøyholmen.
Her passerer vi Røøyen og baksida av "De syv søstre".
"Dønnamannen"
Framme på Herøyholmen.
"De syv søstre" i bakgrunnen.