25 april 2011

Hekla sjal

Har vore litt forkjøla og slapp dei siste dagane av påskeferien,
så då har det blitt mykje "lesing" av lydbok og hekling.
Dette sjalet i Sandnes silk mohair,
var raskt å hekle med krok nr. 5,5.
Brukte akkurat 50 gram av den nydlege gråfargen 1076.
Sjalet er hekla som ei halv bestemorsrute.
Det blei veldig mjukt og godt!!

24 april 2011

Hekla skjerf

Mora mi hadde lyst på eit skjerf
og handla garn til det rett før påske.
Ingen av oss var så motivert til å strikke,
så det blei til at eg hekla eit i "full fart".
skjerfet er hekla av tre nøster Lerke frå Dalegarn.
Eit herleg garn, synest eg :D

Lerke farge 5063
Heklekrok: 4

22 april 2011

Silkesjal

Då er sjalet frå innlegget under ferdig.
Det går veldig fort å hekle eit slikt sjal eller tørkle.
Mitt veg 90 gram,
så eg brukte nesten heile hespet med silkegarn.
Dette er det første prosjektet som er hekla/strikka i 2011.
Kjekt at armen er betre.......

Nydeleg påskever i dag!

20 april 2011

God Påske!

Hanefar passar på kyllingflokken og påskegodteriet.
Vi har ei fin samling av påskekyllingar og egg
som gutane har laga.
Kjekt å ta den fram og pynte med til påske.

Eg har mange hekleprosjekt på gang for tida.
Det nyaste er dette sjalet som eg begynte på i dag.
Måtte berre prøve dette herlege silkegarnet :D
Heklar etter dette mønsteret.

Bok nr. 15
Skråninga
er ei spesiell, men utruleg sterk og god bok.

11 april 2011

Garnhandel

Det blei litt garnhandel i dag.
***
Tenkte eg skulle prøve meg på
det fine skjerfet til Olavas verden.
Eg er litt "jordfargeaktig" av meg,
i alle fall når det gjeld kle til meg sjølv,
så her er det eg kjøpte.
Får prøve meg litt fram og sjå korleis det blir.
Kanskje eg angrar meg og vil ha litt fleire fargar...
Begge dei to nøstene lengst framme er lilla,
dei blei berre litt blå på bildet.
Mønster på skjerfet her.

P.S. "Japanske blomster"
Trur eg skal kjøpe litt rosa garn i morgon......

10 april 2011

Meir sying

Har sydd litt i helga og.
Små raske prosjekt, som vanleg!
Ei ny snor til jobbnøklane mine,
og
ein pose til å ha serviettar i.



Bok nr. 14:
"En annerledes barndom" av Iris JohanssonI denne boka fortel svenske Iris Johansson om barndommen og oppveksten sin som autist.
Ei veldig lærerik og interessant bok,
som eg har hatt stort utbytte av å lese.

08 april 2011

Posar

Denne veka har eg fått brukt litt av stoffa mine.
Har sydd tre posar
til oppbevaring av diverse.
Først sydde eg ein til badet.
Den er fora med litt mjuk vatt.
Eg brukte mønsteret på "Bretteposer"
i boka Julegleder av
Tone Merete Stenkløv og Miriam Nilsen Morken.
Så måtte eg sy to til,
der eg fekk bruke litt av eit hanestoff
har hatt liggande lenge.
På desse har eg brukt strykevliselin i staden for vatt.
Enklare enn dette kan det nesten ikkje bli.
Timotei har også ein fin beskrivelse på bloggen sin

02 april 2011

Fløy en liten blåfugl.....

Har sydd to blå fuglar.

Dei er veldig enkle å sy, så det som tar tid er monteringa.
Har lagt dei ut for sal i eplabutikken min.