31 desember 2010

Godt Nytt År!

Denne flaskevarmeren strikka eg tidleg i desember
etter å ha fått boka"Julepynt & julegaver" i posten.
Ei veldig fin og variert julehobbybok.
Eg brukte garnet som var nemnt i boka, Pt-design Mitu.


Har dekka ferdig nyttårsbordet i spisekroken på kjøkkenet.
Det er dekka til mor, far, fire gutar/menn, farmor og farfar.
Vi gler oss til pinnekjøttmiddag!
***
Vil ønske alle som er innom bloggen min
eit Godt Nytt År!

Ute snør det i dag, men det er mildt heldigvis!!
(utsikt mot elva som er dekt av is og snø)

30 desember 2010

Ferdig 2010

Eg har laga nokre kollasjar for å få oversikt
over kva eg har produsert i 2010.
Det er stort sett tilbehør og ting som går fort å lage.
Difor ser det mykje ut.
Blei litt sjokka sjølv.......
Målet mitt for 2011 er å gjere ferdig uferdige prosjekt.
Har ein del fine genserar liggande halvferdige, bl.a.
Vel...
her kjem det meste av 2010-
produksjonen........

Luer
Panneband
Sokkar
Pulsvantar
Sjal/skjerf
Halsar
Gryteklutar
Klutar
Tepper
Sydde ting

Utsikt frå kjøkkenvindauget


Det er endeleg mildare ute!!
Isen på elva smeltar, og svanene lagar fine fotspor.......
Dei står tolmodig og ventar på frukosten sin.
(Bildet er tatt gjennom kjøkkenvindauget med litt zoom.)

28 desember 2010

Anne-Pia Godske Rasmussen

Anne-Pia Godske Rasmussen har kome ut med ny bok.
Sidan eg har ikkje mindre enn åtte bøker av henne frå før av,
var det naturleg å bestille denne også.
Direkte frå Capris til Bunnpris (post i butikk...).
Har fått bladd litt i den,
og den er spanande og fin!
Om eg kjem til å sy noko frå den,
gjenstår å sjå........


Yarn over cable

Har strikka ferdig dette sokkeparet no i romjula.
Mønsteret er yarn over cabel,
som eg har blogga om tidlegare her.
Garnet kjøpte eg i USA sommaren 2008.
Har blogga om det her.
Likte dette garnet veldig godt :)

23 desember 2010

Sokkar og panneband

Det har blitt lite strikking i desember.
Eg har blant anna hatt litt nakkproblem.
Men no er eg begynt å strikke litt igjen.
Har strikka ferdig dette sokkeparet,
som eg har skrive tidlegare om her.
Garnet er handfarga,
og verkar både sterkt og godt.
Og så har eg strikka ferdig dette pannebandet,
som skal vere julegåve.
Mønster på det her.
Eg strikka det 2 cm kortare enn mønsteret seier,
og brukte 26 gram med Fabel.

20 desember 2010

20. desember

Desse svanene har visst slått seg ned her hos oss.
Vi begynte å gje dei litt brød for nokre veker sidan,
og no kjem dei og skal ha mat både titt og ofte.
Dei er sangsvaner, og jammen kan dei gje lyd frå seg.
Eg har til og med vakna om natta av den "vakre" sangen deira.
Men dei er så flotte å sjå på når dei sym nedover elva.
Når dei skal gå på isen, er dei ikkje fullt så elegante!