25 oktober 2010

Av pinnane måndag....

Då er "Seilerlua" til Arne & Carlos ferdig.
Garn: Freestyle frå Dale.
Pinnar: 4,5
Veit ikkje kven som skal få denne enno.
Kanskje den blir julegåve.

24 oktober 2010

På pinnane søndag......

Strikkar Arne & Carlos si "Seilerlue".
Denne maritime lua blei til etter ein tur
A & C hadde til Nord-Noreg.
Kjekk og enkel å strikke!

23 oktober 2010

Calorimetry igjen....

Har festa trådar og sydd i knappar på desse hårbanda i dag.
Det grå og det naturkvite er strikka i Sterk,
og det raude i eit mjukt og fint sokkegarn
som eg ikkje hugsar namnet på.
***
Norsk mønster finst til dømes her.

21 oktober 2010

"Space Invader"

Eg er blitt litt hekta på Arne og Carlos,
må eg innrømme.....
No har strikka
"Lue med Space Invader-mønster"
til nr. 3 som blir 15 år neste veke.

Dette heftet kan eg verkeleg anbefale.
Mønster på 12 flotte luer til ungdom
i Freestyle!


P.S Dei tradisjonelle mønstera frå Setesdal er bytta ut med pikselerte figurar frå det japanske dataspelet "Space Invaders" frå 1970-talet. Dette fordi A & C samarbeidde med eit japansk motehus då dei laga dette mønsteret for to år sidan.

19 oktober 2010

Snøkrystall

I går kveld strikka eg mi første julekule, snøkrystall ,
akkurat i tide til den første snøen som kom i natt.
(Sjå fjella i bakgrunnen).
Eg har sjølvsagt kjøpt boka til Arne og Carlos,
og er i gang.
Kula er strikka i Finull.

17 oktober 2010

Fleire haustbilder

I dag har vi vore ein tur på Veten.
***
Overskya og litt kald trekk,
men tørt og fint haustver.
Ein fin søndagstur!
Så litt epla-reklame!
Eg har nokre favorittbutikkar på epla,
og gurimalla er ein av dei.
Der kjøpte eg dette vesle pennalhuset,
som passar perfekt til heklekrokane mine!

16 oktober 2010

Haust og huetid...

Dette mønsteret , Cairn, har eg også kjøpt for lenge sidan.
Det er eit Ysolda-mønster.
Denne lua er like fin til gutar og jenter /kvinner og menn.
Hadde tenkt å strikke den til meg sjølv,
men den blei litt lita og passa i staden perfekt
til Minstemann.

Garn: Sterk
Pinnar nr. 3 og 3,5.
Str. M

Gryteklutar

Endeleg har eg fått kjøpt batteri til fotoapparatet mitt!!
***
I haustferien har eg blant anna hekla desse gryteklutane,
som eg kjøpte mønster til for ei god stund sidan.
Det var vel på bloggen til Monai
eg såg linken til Ellen sine flotte mønstre.
Desse mønstrene heiter Sikksakk og Hjertegrytekluter.
Dei er hekla doble, så dei er tjukke og gode.
Dei blå er hekla i Bomull Sport frå Gjestal
og dei raude/kvite i Bjørk frå Viking.

Dei er fine på baksida og...

07 oktober 2010

Lilla Sukkertøy

Desse pulsvarmarane er det Tora Frøseth som har designa.
Mønsteret heiter Sukkertøy.
Eg begynte på dei for ei god stund sidan,
men når ein har mange ting på gang,
tar det av og til litt tid før ting blir ferdig.....
Dei blei litt store i str. L,
sjølv om eg gjekk ned eit halvt nr. i pinnestr.,
så eg har tova dei lett for hand.
Då blei dei veldig passelege, lange og gode!
Garn: Hifa 2.

04 oktober 2010

Vaffel-mønster

Blueberry Waffle sokkane ,
frå eit innlegg lenger nede på sida,
er no ferdige.
Dei skal eldstemann, Studenten få.
***
Det var spanande å sjå korleis garnet,
som eg kjøpte på denne epla-butikken,
blei når det det blei strikka.
Ganske bra, synest eg.
Det virkar veldig sterkt også.
Strikkar det samme mønsteret som dei grå.

01 oktober 2010

Hals i Puno

Denne veka har det blitt mykje jobb og lite strikking.
Men litt strikking blir det alltid tid til...
Denne halsen tar berre nokre få timar å strikke.
Pinne nr. 10 og dobbelt garn.
Garnet heiter Puno Melange frå Rauma.
Halsen er strikka som eit rektangel ,
som er sydd saman på ein bestemt måte og bretta.
Enklare kan det ikkje bli.
Garnet er mjukt, varmt og herleg
(baby alpakka, ekstra fin merino og polyamid)
Har sydd på ein fin og eksklusiv handlaga perlemorsknapp.
Mønster på denne halsen fann eg i pt-design nr. 102.

Litt epla-handel har det også blitt.
Kjøpte dette lekre merino-sokkegarnet frå denne eplabutikken.
Sidan vi bur på vinterskyggesida,
er det like før vi misser sola for vinteren.
Då har vi fem sollause månader å sjå fram til.
Ikkje nokon kjekk tanke,
men det blir ein vane.
Har til gjengjeld sola lenge utover sommarkveldane.